Fagansvarleg plan – Vinje kommune

  • by

Økonomi, plan og utvikling har ledig 100% fast stilling som fagansvarleg plan frå snarast – ID 1789.

Har du lyst til å ha fagansvar på planavdelinga i Vinje kommune?

Du vil få ei nøkkelrolle på Vest-Telemarks største arbeidsplass, og vil ta del i utvikling av kommunens planavdeling. Vinje kommune har i fleire år vore blant dei kommunane i landet som byggjer mest hytter. Aktiviteten er høg, og det krev gode overordna planer og kompetente medarbeidarar. Me er engasjerte og fleksible, og gjennom trygge rammer, tillit og godt humør skapar me eit godt miljø saman.

På avdelinga vil du jobbe tett saman med 2 arealplanleggarar, 3 byggesakshandsamarar og 3 sakshandsamarar innan geodata. Det er elles godt tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som landbruk/næring og teknisk drift og vedlikehald. Kort sagt – ei spanande stilling som skal vere med på å ta Vinje kommune inn i framtida.

Oppgåver knytt til stillinga er mellom anna:

  • Fagansvar for plan
  • Overordna kommuneplanlegging (planstrategi, samfunnsdelen i kommuneplanen, arealdelen i kommuneplanen, kommunedelplanar)
  • Temaplanlegging innan ulike fagområder
  • Arealplanlegging (utarbeiding og sakshandsaming av eigne og innsendte reguleringsplaner, delings- og dispensasjonssaker)
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgskule eller universitets utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Aktuelle faggrupper er geografi, arealplanlegging, arkitekt, samfunnsplanlegging. By- og regionplanlegging, fysisk planlegging, landskapsarkitektur, naturforvaltning.
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
  • Det er naudsynt med gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du tek initiativ og er løysningsorientert
  • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Du er utadvent og på søken etter nye og betre løysingar

Me legg stor vekt på personlege eigenskaper.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i godt miljø. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik e-post: gryak@vinje.kommune.no

Søknadsfrist 01.10.20

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.