Rådgjevar byggjesak og tilsyn – Vinje kommune

  • by

Økonomi, plan og utvikling har ledig fast 100% stilling som rådgjevar byggjesak og tilsyn frå snarast – ID 1790.

Har du lyst til arbeide med byggjesak og tilsyn på planavdelinga i Vinje kommune?

Då vil du jobbe på Vest-Telemarks største arbeidsplass, og du vil ta del i utvikling av Vinje kommune som ein av dei fremste hyttekommunane i landet. Aktiviteten er høg, og det krev kompetente og engasjerte medarbeidarar med høg grad av serviceinnstilling. Me er engasjerte og fleksible, og gjennom trygge rammer, tillit og godt humør skapar me eit godt miljø saman.

På avdelinga vil du jobbe tett saman med 3 arealplanleggarar, 3 oppmålingsingeniørar og 2 byggjesakshandsamarar. Det er elles godt tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som landbruk/næring og teknisk drift og vedlikehald.

Dette er ei viktig stilling der du gjennom god og føreseieleg sakshandsaming og tilsyn bl.a. skal sikre kvaliteten på det som blir bygd i Vinje kommune.

Oppgåver knytt til stillinga er mellom anna:

  • Byggesakshandsaming, m.a. dispensasjonshandsaming og førebu saker til politisk utval
  • Tilsyn jf. plan og bygningslova
  • Utstrekt kunderettleiing
  • Matrikkelføring
  • Utsleppsløyve
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga, slik som planoppgåver

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant høgskule eller universitets utdanning — slik som til dømes ingeniør og arkitekt – bakgrunn som byggmeistar/fagskuleingeniør kan også vere aktuelt
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • Høg grad av serviceinnstilling, men også mot til å setje ned foten
  • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
  • Det er naudsynt med gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du tek initiativ og er løysningsorientert
  • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Du er utadvent og søkjer etter nye og betre løysingar

Me legg stor vekt på personlege eigenskaper.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i godt miljø. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik e-post: gryak@vinje.kommune.no

Søknadsfrist 01.10.20

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.