Tenesteleiar helse og velferd

  • by

Vil du bli tenesteleiar for helse og velferd i ein gjestfri og nyskapande kommune?

Lom kommune har behov for utviklingsorientert og dyktig tenesteleiar med vilje og evne til å arbeide mot kommunen sine felles mål og satsingsområde. 

Lom kommune er organisert etter prinsipp for to-nivå modell. Tenesteleiar helse og velferd er med i utvida leiargruppe i kommunen og rapporterer til kommunalsjef helse og omsorg. Lom kommune arbeider jamleg med å tilpasse og organisere drift ut frå behov og endringar i samfunnet. Kommunen har gode tenester og god fagkompetanse innan tenesteområdet. Tenesteleiar helse og velferd har det overordna ansvaret for legeteneste, helsestasjon- og skulehelseteneste, svangerskapsomsorg, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, flyktningteneste, fysioterapi- og ergoterapiteneste.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer ein utviklingsorientert tenesteleiar med:

  • relevant erfaring med helsetenester og utvikling av desse
  • kjennskap til velferdsteknologi og korleis å utnytte dette innan tenesteområdet
  • evne til å samarbeide, inspirere og motivere
  • god kommunikasjonsevne
  • god forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og tenesteyting
  • minimum 3-årig helseutdanning frå høgskule/universitet, gjerne med relevant vidareutdanning

Tenesteleiar for helse og velferd må vera positiv, resultat- og utviklingsorientert. Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.

Det er ein fordel med utdanning og erfaring innanfor økonomistyring og leiing. Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med kommunalsjef helse og omsorg Synne Skogsrud, tlf. 99629016.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no eller ved og trykke her 

Søknadsfrist: 30.09.2020