Einingsleiar 100% fast – Byggesak, tilsyn og miljø

  • by

Eininga er ei av 5 einingar organisert under kommunalsjefområdet Kultur og samfunn. Desse er Plan, geodata og oppmåling, Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning, Eigedom- drift- og vedlikehald, Reinhald og Kultur.

Til å leie eininga for Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning vert det no lyst ut etter Einingsleiar.

Eininga har ansvar for tenesteproduksjon og oppgåver innan området. Det er omlag 22 årsverk knytt til eininga.

Vi ser etter ein trygg og tydleg leiar som kan vera ein pådrivar for samordning og utvikling av tenesteområdet.

Arbeidsoppgåver;

  • Medverka til organisasjonsbygging, fag- og kompetanseutvikling
  • Initiere og delta i skapande samarbeid og god dialog med eksterne samarbeidspartar
  • Vere pådrivar for gode rutinar og systemretta arbeid og effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitalisering
  • Personal- og økonomiansvar
  • Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
  • God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova
  • Arbeidserfaring innan fagområdet
  • Leiarerfaring
  • God økonomi- og budsjettforståing

Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å byggje relasjonar gjennom involvering og medverknad
  • Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
  • Evne til å arbeide målretta og systematisk
  • Handtere høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og delegere
  • Vera utviklingsorientert og nysgjerrig på nye arbeidsmåtar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha fokus på brukarar og service
  • Fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Godt humør og pågangsmot

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Søknadsfrist: 23.09.2020

Link til søknadsskjema: Send søknad 

For mer informasjon kontakt:
Råmund Skjold Mobil +47 41369187, Epost: raamund.skjold@oygarden.kommune.no