Sjukepleiar ved legekontor

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i bemanninga på Valle legesenter og arbeider mot fastlegepraksis og legevakt.

  • Laboratorie- og skadestovearbeid
  • Assistanse ved undersøking og kirurgiske inngrep
  • Sjukepleiar har ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar på alle apparat og akutt behandlingsutstyr
  • Rådgjeving over telefon og betjening av legevaktstelefon på dagtid
  • Det kan forventast at sjukepleiar òg utfører oppgåver innan resepsjon

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner mot fastlege, ambulansepersonell og anna helsepersonell.
  • Ønskeleg med erfaring fra InfoDoc, men opplæring vil bli gitt
  • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Lønn etter kvalifikasjonar/avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Heinz Diehl, Tenesteleiar Helse, 41449988

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Bykle kommune

Referansenr.:4294914886
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2020
Sluttdato: 31.10.2021
Søknadsfrist: 19.10.2020