Tenesteleiar – Teknisk drift og eigedom

Vil du bli vår nye leiar i teknisk drift og eigedom i Bykle kommune?

Teknisk drift og eigedom har som ansvarsområde å drifte og vedlikehalde kommunal byggingsmasse, grøntanlegg, veg, vatn og avløp. Eininga har 29 tilsette fordelt på to avdelingar, Eigedom (bygg, grønt og reinhald) og VVA (veg vatn og anløp). Kvar avdeling har ein fagansvarleg. Tenesteleiar er øvste leiar av eininga og rapporterar direkte til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektørens leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Personal-, økonomi- og fagleg ansvar for teknisk drift og eigedom
  • Dagleg drift og leiing der både eininga, samhandlingsområda og kommunens interesser skal stå i fokus
  • Bidra til bærekraftig utvikling av tenesten
  • Ivareta personalet og sikre organisatorisk utvikling, der arbeidsmiljø, ressursutnytting, kompetanseutvikling og rekruttering er sentrale faktorer
  • Sakshandsaming og oppfølging av planar innan arbeidsområdet
  • Prosjektarbeid/oppfølging
  • Drifte tenestene innanfor gjeldande lov- og regelverk, kommuneplanar og tildelt budsjett

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig ingeniørutdanning med vidareutdanning i leiing
  • Relevant yrkespraksis og erfaring som leiar med personalansvar
  • God norsk, skriftleg- og munnleg, framstillingsevne er ein føresetnad
  • Kunnskap og interesse for bruk av teknologi innan fagområde er ein fordel
  • Må ha førerkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosesser og involvering av medarbeidarar
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Positiv og fleksibel
    Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeid

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% av løn til KLP.

Kontaktinformasjon

Karina Sloth Grindland, Kommunedirektør, 480 08 006, karina.sloth.grindland@bykle.kommune.no

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 28.10.2020