Rådgjevar byggjesak – Vindafjord kommune

Me søkjer:

Rådgjevar byggjesak i 100% fast stilling ved Areal og forvaltning, Sandeid.
Stillinga er ledig frå 01.01.2021.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Handsaming av saker etter plan- og bygningslova, i hovudsak byggjesaker, inkl. lovpålagt tilsyn.
  • Førehandskonferansar og anna kontakt mot publikum, private konsulentar og overordna myndigheiter.
  • Føra tilsyn etter reglane i plan- og bygningslova.
  • Skriva saksframlegg til politisk handsaming.
  • Andre relevante arbeidsoppgåver etter nærare tilvising.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, ev anna relevant høgare utdanning/kompetanse/erfaring, som for eksempel byggmester med relevant praksis.
  • Det er ynskjeleg med god kjennskap til plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og prosedyrar og faglige prinsipp ved sakshandsaming etter lova.
  • Gode datakunnskapar.
  • Kjennskap til digitale sakshandsamingsverktøy som ACOS WebSak, GISLINE og andre system er ein fordel.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel.
  • Førarkort klasse B.

Andre opplysningar

Eining Areal og forvaltning har 16 faste årsverk og dekkar fagområda plan, byggesak, landbruk, kart og oppmåling, eigedomsskatt og tilsyn med private avløpsanlegg.

Hovudarbeidsoppgåvene på eininga er sakshandsaming etter mellom anna plan- og bygningslova, forureiningslova, eigarseksjonslova, matrikkellova, jordlova, konsesjonslova, skoglova, viltlova, eigedomsskattelova og naturmangfaldlova, og forvaltning av ulike tilskotsordningar innan landbruk.

Eininga handsamar søknader og planar, yter service og gir rettleiing til kundar innafor alle fagområda. Me arbeider for eit aktivt landbruks-/skogbruksmiljø, positiv samfunnsutvikling med tilrettelegging av nye tenlege bustad- og næringsområde.
Vidare utarbeider me kommuneplan og kommunale reguleringsplanar m.m.

Me er lokalisert på Teknisk bygg i Sandeid, saman med eining Kommunaltekniske tenester.

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer og samarbeider godt, og har evne til å jobba sjølvstendig.
  • Er serviceinnstilt.
  • Har god munnleg og skriftlig framstillingsevne.
  • Har evne til å arbeida strukturert og søkja innovative løysingar som kan effektivisera arbeidet vårt.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Tilsetjing på vanlege vilkår
  • Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Sissel Aarvik Einingsleiar
E-post: sissel.aarvik@vindafjord.kommune.no
Mobil 99159278 Arbeid 53656136

Søknadsfrist: 19.10.2020

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *