Planleggar til Ulstein kommune (Vikariat)

Vi søkjer planleggar ved teknisk etat.

Stillinga er ledig frå og med 01.01.2021 og er eit vikariat på eitt år.

Ulstein kommune har nettopp gjennomført eit spanande parallelloppdrag som vil danne grunnlag for ny områdeplan for utviklinga av sentrum. Vi har eit tett samarbeid med næringslivet, og her er på gang mykje kreativt plan- og utviklingsarbeid i kommunen. Vi søkjer etter ein medarbeidar som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. Nynorsk er administrasjonsspråk i Ulstein kommune, og den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg.

Arbeidsoppgåver

• Utarbeiding av reguleringsplanar
• Sakshandsaming av private reguleringsplanar
• Fornying av eldre reguleringsplanar
• Kommuneplanarbeid – arealdel, delplanar og utgreiingar

Kvalifikasjonar

• Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
(t.d. master i arealplanlegging, landskapsarkitekt, sivilarkitekt, sivilingeniør, ingeniør)

• Kompetanse i bruk av dataverkty i planlegginga (kommunen nyttar Norkart GISLINE)

Personlege eigenskapar

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsplass med gode vilkår for opplæring og fagleg utvikling
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Løn etter avtale med utgangspunkt i kvalifikasjonar (utdanning/praksis)
  • Ulstein kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Du må gje opp referansar og ta med/laste opp relevant dokumentasjon på utdanning og praksis før intervjuet.

Tilsetjing skjer etter gjeldande lovar, avtalar og reglement for kommunal sektor.

Kontaktinformasjon

Anita Sundnes, Leiar for plan- og bygningsavdelinga, 41201455
Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, 41582440

Arbeidsstad

Sjøgata 63, Rådhuset
6065 Ulsteinvik

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Ulstein kommune

Referansenr.:4298353471
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 01.11.2020