Avdelingsleiar for heimetenester på Sundheim

Vi søkjer avdelingsleiar for heimetenester på Sundheim

Nord-Fron kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for tida for heimetenester, herunder heimehjelp, heimesjukepleia og korttid/rehabilitering. Stillinga er ny og ein del av ein omstillingsprosess der fleire avdelingar skal sjås i samanheng, samtidig som arbeidsoppgåver blir fordelt på ein ny måte der bl.a. fagsjukepleiarar blir underlagt avdelingsleiar. Omstillingsprosessen er ikkje ferdig og ny leiar vil få moglegheit til å delta i og påverke framtidig struktur. Avdelingsleiar sorterer under tenesteleiar for Pleie- og omsorgstenesta i Nord-Fron kommune og blir i team med fleire andre avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar skal vere ein aktiv pådrivar for utvikling, dialog, samhandling og brukarmedverknad. Avdelingsleiar har personal-, økonomi og fagansvar på vegne av tenesteleiar. Avdelingsleiar skal/har;

  • Ivareta dagleg drift, leiing og koordinering av avdelinga, herunder sørge for fullt forsvarleg arbeidsmiljø.
  • Ansvar for tenestetilbodet som gis til brukarane innafor eige område og bidra til at det fattast korrekte vedtak i samarbeid med tildelingskontoret.
  • Bidra til å fremme samarbeid og samordning med andre enheter innafor helsetenestene i kommunen og eksterne samarbeidspartnerar.
  • Bidra i leiarnettverk og sørge for medverking og inkludering.
  • Ansvar for at tilsette handterer legemiddel i tråd med forskrifter.
  • Arbeide lojalt opp mot kommunens plandokument og politiske vedtak, samt delta aktivt i tenesteutvikling i tråd føringar for helse- og omsorgssektoren.
  • Bidra med utvikling av gode pasientforløp etter LEON prinsippet.
  • Delta i tverrfaglege utviklingsprosjekt.

Kvalifikasjonar

  • Krav om helsefagleg utdanning frå høgskole- /universitetsnivå, og/eller anna relevant utdanning på minimum høgskolenivå.
  • Føresetnad med kunnskap om lovverk og saksbehandling innafor relevante regelverk.
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innafor leiing, eventuelt vilje til å ta relevant etterutdanning.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Fordel med kunnskap om- og interesse for digitalisering.

For å ivareta kjønnsbalansen i leiargruppa og personalet blir menn oppfordra til å søkje.

Personlege eigenskapar

  • God mellommenneskeleg forståelse og tilnærming i møte med folk.
  • Evne til å bygge relasjonar og inspirere medarbeidarar.
  • Gode beslutningseigenskapar og høg gjennomføringsevne.
  • Evne til å takle høgt arbeidspress.
  • Sjølvstendig, strukturert og løysningsorientert.

Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby

  • 100 % fast stilling i ein framoverlent kommune med relativt god økonomi, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
  • Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Hjelp med å finne bustad.
  • Flyttegodtgjersle.
  • Barnehageplassgaranti.

Føresetnader / vilkår

  • Moglegheit for å disponere eigen bil som kan nyttast i arbeidssamanheng.
  • Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
  • Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
  • Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.

Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.

Kontakter:
Hege D. V. S. Koteng , Tenesteleiar
E-post: hege.sigfridsdatter@nord-fron.kommune.no
Mobil 476 38 446

Anita W Heggestuen , Personalsjef
E-post: anh@nord-fron.kommune.no
Mobil 970 75 454

Søknadsfrist: 25.10.2020!

Søknad sendes her!