Helgestillingar i omsorgstenesta – Hyllestad kommune

  • by

Hyllestad kommune har ledige helgestillingar i omsorgstenestene, både på institusjonen og i heimebaserte tenester/miljøtenesta.

Vi treng personale som kan arbeide i helg, og etter tilkalling.  Alt etter kor mykje du kan jobbe, kan vil tilby 2. kvar eller 3. kvar helg, eller etter tilkalling.  Stillingane vil vere rundt 10 % ved arbeid 3. kvar helg.
Har du interesse for å arbeide med mennesker, og ute etter ein jobb med meining i, så er dette kanskje noko for deg?

Tilsetting vil skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver vil vere knytt til brukarane, og består i vanleg stell, pleie og daglege gjeremål.

Kvalifikasjonar:
– Vi ønskjer oss helst søkjarar med helsefagleg bakgrunn, eller at du er i ferd med å ta slik utdanning.
– Du må ha fylt 16 år før du søkjer.
– Alle som skal arbeide i heimetenesta må ha førarkort for vanleg personbil.
– Alle som vert tilsett må levere godkjent helse- og politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr:
Løn etter tariff.
Eigne lønsstigar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar.
Pensjonsordning i KLP (frå 18 år).

Velkomen som søkjar!

Send søknad!