Helsefagarbeidar til Hyllestad kommune

  • by

Hyllestad kommune har ledig 2 stillingar for helsefagarbeidarar, både på institusjonen og i heimetenestene, for både fast tilsetting og vikariat.

Som helsefagarbeidar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane våre får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at brukarane oppnår best mogleg funksjonsevne, meistring og sosial deltaking
  • Utøve praktisk bistand og omsorg til brukarane, samt oppmuntre til eigeninnsats
  • Medansvar for at brukarane sine pleieplanar er oppdatert og vert oppfulgt
  • Ha kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gjerne relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort for personbil
  • Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Ansvarsbevisst og oppteken av relasjonar og samarbeid
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å finne bustad

Søknadane vert vurdert fortløpande!

Velkomen som søkjar!

Kontaktpersonar:
Målfrid Sognnes tlf: +47 57789605
Sissel Bringeland tlf: +47 57789604

Send søknad!