Arealplanleggar/reguleringsarkitekt til Tokke kommune

  • by

Me har ledig stilling i 100% som                         

Arealplanleggar/ reguleringsarkitekt

Plan, næring og teknisk etat femner over store fagområde innan plan, nærings/ – samfunnsutvikling, teknisk drift og utbygging.

Plandelen har mellom anna ansvar for kommunen si arealforvaltning, stadutvikling, plan- og byggesakshandsaming, kartforvaltning, oppmåling- og delingssaker, m.m. I stillinga som arealplanleggar/ reguleringsarkitekt kan me tilby spennande og utfordrande oppgåver i arbeidet med kommunen sin arealmessige og samfunnsmessige utvikling.

Hovudoppgåvene vil vere knytt til utarbeiding av nye reguleringsplanar for Dalen og Høydalsmo, med tanke på etablering av nye, attraktive bustadtomter, utvikling av kvalitetane i tettstadene og leggje grunnlag for gode møteplassar, berekraftig forvaltning av arealressursane, samt gode bu- og levevilkår. Anna planarbeid vil vere revisjon av kommuneplanen sin arealdel, nye reguleringsplanar i grendene i kommunen, samt løpande arbeid med andre relevante prosjekt og plansaker.

Vi ønskjer eit mangfald og ei jamn fordeling mellom kvinner og menn på arbeidsplassen. Me oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemming, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. 

Kvalifikasjonar:

  • Du bør ha utdanning på universitets – eller høgskulenivå innan arealplanlegging eller ingeniørfag/ arkitektur, med planfag som retning
  • Du må ha god kunnskap om Plan- og bygningslova, samt planprosessar og prosjektleiing
  • Du må ha kunnskap og erfaring innan GIS og analyseverktøy.
  • Relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning
  • Det vert lagt vekt på god kommunikasjonsevne og gode evne til samarbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Tokke har nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi søker deg som:

  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i gruppe med andre
  • Taklar høgt tempo og komplekse oppgåver
  • Er initiativrik, strukturert og målbevisst

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø med gode utvikligsmoglegheiter
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktperson for stillinga: Kommunalsjef Plan, næring og teknisk, Gunhild Austjord tlf. 350 75 200. 

Søknadsfrist 19 januar 2021

Elektronisk søknadskjema:

Vi ser fram til å høyre frå deg!