Ledig fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter

  • by
Foto: Øyvind Kåre Sund

Vi ser etter deg som vil vere vår nye kollega og fastlege ved Myrvåg legesenter. Myrvåg legesenter ligg i Myrvåg i Herøy kommune og er samlokalisert med Myrvåg fysioterapi. Det er fire fastlegeheimlar ved kontoret. I tillegg har vi LIS1-lege. Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. I tillegg har kommunen 100 % stilling for sjukeheimslege. Herøy kommune har gode vilkår for etablering av praksis.

Kommunen har felles legevakt kveld/helg med Sande kommune, og felles nattlegevakt med fem andre kommunar. Vaktbelastning: ca to vakter/mnd på kveld/helg og ei natt/mnd.
Felles legevakt kveld/helg med fire kommunar er under utgreiing.

Du er velkomen til å søkje på heimelen sjølv om du ikkje ønsker å gå inn i ein fast heimel, men berre kan tenke deg eit lenger vikariat.

Opplysningar om heimelen og vilkår ved overtaking av praksis:

  • Listepasientar pr. des 2020/listetak: 657/660. Det vil vere mogleg å auke listetaket
  • Overtaking vert å avtale mellom tidlegare heimelshavar og overtakande lege i samsvar med ASA 4310 pkt. 5.6. Heimelen har vore lyst ut ein gong tidlegare

Arbeidsoppgåver:

  • Fastlegeoppgåver
  • Det er for tida ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men dette kan bli aktuelt dersom behov oppstår

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha norsk autorisasjon, helst vere spesialist i allmennmedisin eller vere interessert i å ta slik spesialisering
  • Vi vil legge til rette for at du kan fullføre spesialistutdanning
  • Du må oppfylle vilkåra i kompetansekravforskrifta og vilkår for refusjon frå Helfo
  • Du må kunne skrive godt norsk og god munnleg framstilling på norsk, svensk eller dansk

Det er krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter deg som:

  • likar å jobbe i kollegialt fellesskap
  • ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er opptatt av fagleg utvikling
  • er fleksibel

Vi tilbyr:

  • Godt kollegialt fellesskap med engasjerte fastlegar
  • Gode og funksjonelle lokale
  • Stabilt hjelpepersonell med lang erfaring
  • Vi vil legge til rette for fagleg utvikling

Gunstige fastlegeavtalar der kommunen driftar legesenteret og leiger det ut til legane. For dette betaler legane basistilskot kr. 3000/mnd i leige.

Fast løn kan vurderast.

Tilsetjing etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon:

Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147

Søk her:Klikk her

Søknadsfrist: 24.01.2021

Foto: Gard Warholm