Ledige fastlegeheimlar ved Herøy legesenter

  • by
Foto Øyvind Kåre Sund

Vi ser etter deg som vil vere vår nye kollega og fastlege ved Herøy legesenter. Herøy legesenter ligg på Eggesbønes saman med dei andre seksjonane under avdeling for barn, familie og helse. Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Herøy kommune har gode vilkår for etablering av praksis. Ved legesenteret er det for tida ledig 4-5 fastlegeheimlar. Det kan verte aktuelt å slå saman fem heimlar til fire sidan nokre av heimlane har små pasientlister.

Kommunen har felles legevakt kveld/helg med Sande kommune, og felles nattlegevakt med fem andre kommunar. Vaktbelastning: ca to vakter/mnd på kveld/helg og ei natt/mnd.
Felles legevakt kveld/helg med fire kommunar er under utgreiing.

Du er velkomen til å søke på heimlane sjølv om du ikkje ønsker å gå inn i ein fast heimel, men berre kan tenke deg eit lenger vikariat.

Arbeidsoppgåver:

Vanlege fastlegeoppgåver. Det er for tida ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men ved behov kan det verte aktuelt.

Opplysningar om heimlane:
Følgjande gjeld for heimlane (listepasientar pr. des 2020/listetak)

  • Fastlegeheimel nr 1: 584/625
  • Fastlegeheimel nr. 2: 557/750
  • Fastlegeheimel nr. 3: 740/850
  • Fastlegeheimel nr. 4: 720/750
  • Fastlegeheimel nr. 5: 792/800

Vi vil kunne slå saman listene til fire lister, avhengig av kva listestorleik du som søkjar ønskjer.

Fastlegeheimlane blir overdregne kostnadsfritt frå kommunen til ny fastlege.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha norsk autorisasjon, helst spesialist i almennmedisin eller vere interessert i å ta slik spesialisering
  • Vi vil legge til rette for at du kan fullføre spesialistutdanning
  • Du må oppfylle vilkåra i kompetansekravforskrifta og vilkår for refusjon frå Helfo
  • Du må kunne skrive godt norsk og ha god munnleg framstilling på norsk, svensk eller dansk

Det er krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar:

Sidan vi har fleire ledige heimlar ved legekontoret, ønskjer vi deg som vil vere med på vidareutvikle legekontoret. Du må:

  • Like å jobbe i kollegialt fellesskap
  • Ønske å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere opptatt av fagleg utvikling
  • Vere fleksibel

Vi tilbyr:

  • Godt kollegialt fellesskap med engasjerte fastlegar
  • Gode og funksjonelle lokale
  • Nærleik til andre helse- og omsorgstenester
  • Stabilt hjelpepersonell med lang erfaring
  • Vi vil legge til rette for fagleg utvikling
  • Gunstige fastlegeavtalar der kommunen driftar legesenteret og leiger det ut til legane. For dette betaler legane basistilskot + kr. 3000/mnd i leige.

Fast løn kan vurderast.

Tilsetjing etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon:

Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147

Søk her:Klikk her

Søknadsfrist: 24.01.2021

Foto: Gard Warholm