Sjukeheimsoverlege – Herøy kommune

  • by
Foto: Øyvind Kåre Sunde

Sjukeheimsoverlegen vår har fått seg LIS1-stilling og vi har difor ledig 100 % stilling som sjukeheimsoverlege ved dei to sjukeheimane i Herøy kommune.
Som sjukeheimsoverlege har du ordinær arbeidstid med 37,5 t/v, men deler av stillinga vil vere fleksibel for å kunne gi tid til rådgjeving overfor sjukeheimane, utanfor ordinær arbeidstid. Kommunen har to omsorgssenter, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg, med til saman 93 plassar.

Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Vi har i tillegg ei stilling for LIS1. Kvart legesenter har vakt på dagtid. Kveld og helg har vi felles legevakt med Sande kommune. Nattlegevakt er felles med fem av dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. Kommunen har 66 % stilling for kommuneoverlege. Volda sjukehus er vårt lokalsjukehus og ligg ein knapp time unna Herøy.

Arbeidsoppgåver:

Sjukeheimsoverlegen sine arbeidsoppgåver er tredelte.

  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkl. kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
  • Deltaking i undervisning for personalet på fagdagar
  • Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar

Som sjukeheimsoverlege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med legevaktsjef.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, og vi ønskjer at du har relevant spesialistutdanning
  • Dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning
  • Du må legge fram godkjend politiattest før tilsetjing

Legar utan LIS1 kan søke og bli tilsett i inntil eit år

Personlege eigenskapar:

  • har interesse og engasjement for sjukeheimsmedisin
  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane utifrå intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr:

  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • Fleksibel arbeidstid
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane

Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, spesialisering i sjukeheimsmedisin og for deltaking i nasjonale samlingar.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn intervju. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Tilsetjing på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Kontaktinformasjon:

Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147

Søk på stillinga:Klikk her

Arbeidsgivar:Herøy kommune

Søknadsfrist: 08.02.2021

Foto: Gard Warholm