Einingsleiar ved Åmot barnehage

  • by

100% fast stilling som einingsleiar ved Åmot barnehage – ID 1834

Visjonen for Åmot barnehage er «Saman om å skape ein god barndom». Det er ein spanande og lærerik arbeidsplass med stort rom for faglege refleksjonar og drøftingar. Du blir del av eit kollegium som vil noko, som står på for å få det til, og bidreg i barnehagens fellesskap. Det er mange moglegheiter for å vera med å påverke og utvikle barnehagedrifta i kommunen. Me har ein ny og fin barnehage som arbeidsplass med flott uteområde.  Du blir del av eit styrarkollegium i Vinje kommune som er støttande og utviklande å vere del av.

Vinje kommune har eventyrlege naturomgjevnader med fjellområde og friluftslivstilbod. Vinje er eit moderne bygdesamfunn i vekst. Her utviklast høgkompetansearbeidsplassar parallelt med turisme og servicenæringar. Aktivitetar som jakt, fiske, sport, kunst og kultur har særs gode kår. Alt ligg til rette for eit godt liv i Vinje for alle generasjonar. Velkomen til eit liv med lite kø, frisk luft og nærleik til alt som er viktig. Kommunen er ein godt driven organisasjon med godt omdømme og dyktige fagfolk. Me satsar på medarbeidarskap der alle i heile organisasjonen er viktige brikker med felles mål om å utvikle framtida og gjere Vinje til ein god stad å vera. Det er høg trivsel blant barn og unge, samt gode helse- og aktivitetstilbod for alle. Alt ligg til rette for både utvikling og aktivitet i flotte omgjevnader med unike idretts- og friluftstilbod.

Vinje kommune er ein to-nivå-kommune. Einingsleiarane har, innan gjevne rammer, fullt fagansvar, økonomiansvar og personalansvar med rapportering direkte til rådmannen. Einingsleiarjobben i Åmot barnehage bør vere ein draum for ein visjonær leiar. Her er rammer og tradisjonar for å lukkast! På lag med fleire sektorar, dyktige kollegaer og tilsette kan ein få til det meste.

Personlege eigenskapar
Me søker deg som:

– Er oppdatert og fylgjer med på relevant lovverk med forskrift som regulerer barnehagens verksemd
– Sørger for at det er gode vilkår for læring og utvikling i heile organisasjonen
– Forstår verdien av god kommunikasjon på alle plan
– Har evne til å  leie utviklings- og endringsarbeid i barnehagen
– Har fokus på fellesskapet i barnehagen
– Når mål gjennom andre
– Er positiv og løysingsfokusert
– Er tydeleg og raus
– Har stor arbeidskapasitet og evne til å skape engasjement

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av lærings- og utviklingsprosessar
  • Samspel med barn, føresette og tilsette
  • Tverrfagleg samarbeid om barns oppvekst og utvikling
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Aktiv bidragsyter i trepartssamarbeidet
  • Endrings- og organisasjonsutvikling
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Forvaltning, økonomistyring og resultatkontroll
  • Deltaking i rådmannens utvida leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Førskulelærar-/barnehagelærarutdanning eller anna høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg kompetanse
  • Leiarerfaring med personalansvar frå barnehage er ønskjeleg
  • Kunnskap om medverknad og samskaping med barna, tilsette, foreldre og nærmiljø for å skape sterke barnefellesskap
  • Legg til rette for opne dialogar og nettverksarbeid til beste for barn og barns oppvekst og utvikling
  • Må aktivt kunne legge til rette for deltaking og fagleg fokus utover eiga eining
  • Høg grad av fagleg skjøn, dømmekraft og gjennomføringsevne
  • Gode referansar

Det blir lagt stor vekt på at kandidaten er personleg eigna

Me tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Kompetente medarbeidarar og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn og øvrige vilkår etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Vinje kommune er ei IA-verksemd
  • Vinje kommune ønskjer å vera representativ for mangfaldet i befolkninga, og vil derfor oppmode alle kvalifiserte kandidatar til å søke hjå oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemning, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • Jfr. offentleglova § 25 plikter arbeidsgjevar å gjere søkjarar merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke det offentlege. Vinje kommune vil varsle søkjarar som har bede om unntak frå offentleggjering viss dette ynskje ikkje kan imøtekommast

Ved spørsmål ta kontakt med barnehagesjef Åmot barnehage Gerd Lyngstad Kroken, tlf. 922 33 893
Eller ass. rådmann, Vinje kommune Anders Sandvik, 954 07 593

Søknadsfrist: 31.01.21

Søknaden må sendast på elektronisk skjema som du finn her