HR/personalrådgjevar til Aurland kommune

  • by

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

Me har ledig:

100% fast stilling som HR/personalrådgjevar i avdeling for støtte og digitalisering.

Støtte og digitalisering omfattar fagområda økonomi, lønn, HR/personal, IKT, informasjon, politisk sekretariat og sentralarkiv.

Arbeidsoppgåver:

– HMS-arbeid/kvalitetssystem/personalreglement mm.
– Utarbeide- og følgje opp personalpolitiske dokument
– Digitalisering av rutinar i kvalitetssystemet
– Førebu saker, sakshandsame og følgje opp personalarbeid
– Rekrutteringsarbeid/kompetansearbeid – utlysingar, stillingsforklaringar, gjennomføre jobbintervju mm
– Leiarstøtte og rettleiing i personalsaker og i lov og avtaleverk
– Systematiserer medarbeidarundersøkingar (10-faktor) – analyse, strategiar og oppfølging
– Arbeide med endringar i verksemda som vil ha innverknad på dei tilsette – OU
– Samarbeide med arbeidstakarorganisasjonarog verneombod
– Arbeide med lønsforhandlingar

Kvalifikasjonar:

– Relevant høgare utdanning
– Fordel med erfaring frå personalarbeid/leiing, gjerne frå offentleg sektor
– God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
– Erfaring / kvalifikasjonar innan sakshandsaming
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne med god digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

– Strukturert og resultatorientert
– Høg arbeidskapasitet og leverer til rett tid
– Bidrar til godt arbeidsmiljø
– Interesse og engasjement for faget
– Ansvarsbevisst og sjølvstendig, men og gode samarbeidsevner
– Serviceinnstilt
– Evne til å rettleie
– Kan takle og handtere uføresette hendingar

Løns- og tilsetjingsvilkår

– Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Kontakt:
Beathe Ekhall Stentvedt – Leiar støtte og digitalisering
E-post: beathe.stentvedt@aurland.kommune.no
Mobil 91111406 Arbeid 91111406

Søk stillinga her!

Søknadsfrist: 25.02.2021

Generelt om søknadsprossen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.