Pedagogisk leiar i Aurland kommunale barnehage

  • by

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

Me har ledig:

Vikariat stilling som pedagogisk leiar i 100%, stillinga er frå 18.05.2021 – 21.01.2022, med moglegheit for forlenging.

Kvalifikasjonar:

– Godkjent førskulelærar / barnehagelærarutdanning.
– Anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk.
– Anna pedagogisk utdanning kan også vurderast.
– Vi forventar at den som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Ansvar som ligg til stillinga:

– Pedagogisk leiar er ein del av leiinga i barnehagen og rapportere til styrar i barnehagen og er nærmaste leiar for dei andre tilsette på avdelinga.
– Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift og planlegge aktivitetar på avdelinga i tråd med lover, forskrifter, rammeplan og årsplan.
– Pedagogisk leiar har eit medansvar for endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.

Personlege eigenskapar:

– Arbeide sjølvstendig
– Vere løysingsorientert
– Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
– Vere fleksibel og endringsvillig
– Evne til å rettleie

Løns- og tilsetjingsvilkår:

– Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.
– Det vert kravd gyldig politiattest.

Kontakt:
Elisabeth Øynebråten – Tenesteleiar
E-post: elisabeth.oynebraten@aurland.kommune.no
Mobil: 97503287 Arbeid 97503287

Marianne Christensen – Tenesteleiar
E-post: marianne.christensen@aurland.kommune.no
Mobil: 91563796 Arbeid 91563796

Søknadsfrist: 25.02.2021

Søk stillinga her!

Generell informasjon om søknadsprosessen:

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.