Politisk sekretær/arkivmedarbeidar til Aurland kommune

  • by

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

Me har ledig:

Fast 100% stilling som politisk sekretær / arkivmedarbeidar i stabsavdelinga støtte og digitalisering

Støtte og digitalisering omfattar fagområda økonomi, lønn, HR/personal, IKT, informasjon, politisk sekretariat og
sentralarkiv. Som politisk sekretær samarbeider du tett med både politisk og administrativ leiing i kommunen. Som arkivmedarbeidar jobbar du i team.

Arbeidsoppgåver:

– Drift av politisk sekretariat
– Valarbeid
– Dokumenthåndtering og arkiv – daglige driftsoppgåver og kvalitetssikring
– Oppfølging av arkivrutinar
– Oppfølging av sakshandsamarar
– Utvikling og digitaliseringsarbeid
– Avløyse resepsjon/sentralbord

Kvalifikasjonar:

– Ynskjeleg med relevant høgskule- eller universitetsutdanning innen arkiv, dokumentasjonsforvaltning, IT, offentlig administrasjon, statsvitenskap, informasjonssikkerhet, informasjonsvitenskap eller samfunnsvitenskapelige fag. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
– Kompetanse på relevant lovverk m.a. kommunelova, forvaltningslova og offentleglova
– Erfaring frå offentleg sektor
– Interesse for arkiv-/politisk arbeid
– Interesse for digitaliserings- og utviklingsarbeid
– God digital kompetanse

Krav til språkkunnskapar:

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk
som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Personlege eigenskapar:

– Strukturert
– God ordenssans
– Evne til å jobbe målretta, fokusert og raskt med konkrete arbeidsoppgåver
– Evne til å kunne prioritere i ein hektisk kvardag
– Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
– Sørvisorientert
– Bidra positivt til arbeidsmiljøet
– Vera fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver

Løns- og tilsetjingsvilkår:

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.

Kontakt:
Beathe Ekhall Stentvedt – Leiar støtte og digitalisering
E-post: beathe.stentvedt@aurland.kommune.no
Mobil 91111406 Arbeid 91111406

Margunn Tolleshaug – Arkivleiar
E-post: margunn.tolleshaug@aurland.kommune.no
Mobil 97136237 Arbeid 97136237

Søk stillinga her!

Søknadsfrist: 25.02.2021

Generell informasjon om søknadsprosessen:

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.