Vernepleiar til Vaksdal kommune

  • by
100% stilling for vernepleiar

Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Bergen og Voss. Ferdsleårene Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom kommunen. Her kan du få glede av både by- og bygdekultur på same tid. Kommunen har eit særs rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Naturopplevingane er uendelege. Vaksdal er i stadig utvikling og forventar endringar i framtida knytt til ny utbygging av stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Vaksdal kommune har ledige to faste 100% stillingar til vernepleiarar i heimesjukepleien
Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring. Du vil bli ein del av eit godt team, kor du får kollegaer som er fagleg dedikerte og dyktige, og som vil ta deg godt imot på eit personleg plan.

Om arbeidsstad: Heimesjukepleien

Vi har ledige to 100% stillingar til vernepleiarar, med for tida arbeida kvar tredje helg.
Som vernepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Du får god opplæring og tett oppfølging.

Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg.
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Me har gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom både intern oppfølging og vidareutdanningar.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging av pasientane.
  • Ansvarsvakt, med e-dialog med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
  • Kvardagsrehabilitering i heimen
  • Omsorg og pleie
  • Palliasjon i heimen
  • Medisinhandtering og fleire typar medisinsk behandlingar i heimen

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
  • Førartkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter deg som er trygg i vernepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Likar utfordringar og sjølvstendig arbeid
  • Evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
  • Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønsvilkår

Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fagleg utvikling gjennom intern oppfølging og moglegheit for vidareutdanning

Slik søkjer du

Klikk på “send søknad” og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 955 27 504

Send søknad 

Søknadsfrist: 21.02.2021

Kontakt:
Sigrunn Stamnes Vik, Mobil +47 95818012, Epost: sigrunn.stamnes.vik@vaksdal.kommune.no