Avdelingsleiar – veg, grønt og anlegg, produksjon ytre

  • by

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. Les meir om Ålesund kommune her

Vi søkjer etter avdelingsleiar for VGA produksjon ytre då vår noverande leiar går av med pensjon.

100% fast stilling for tiltreding 01.04.2021.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiar for ei kommunal produksjons avdeling, som er kommunen sin interne entreprenør innanfor veg, grønt og anlegg m.m..
  • Ansvar for ein arbeidstyrke på ca. 40 personer med arbeidsoppgåver som spenner over eit stort fagfelt. Det skal utførast driftsoppgåver og anleggsoppdrag innenfor veg, grønt, vann og avløp. Arbeidsoppdraga kan også omfatte mindre betong-, bygnings- og anleggskonstruksjonar.
  • VGA produksjon ytre har oppmøtestad ved sentrallageret i Borgundfjordvegen 100. Her er det også lokalisert maskinstasjon og ein autorisert verkstad m.m.
  • Verksemda sin politikk er å utvikle og behalde eigen kunnskap og erfaring innanfor arbeidfeltet. 

Kvalifikasjonar:

  • Det ønskes primært ingeniørutdanning fra høgskule, men det blir også opna for søkjere med brei leiarerfaring innanfor entreprenør-/veg- og anleggsfag.                         
  • Erfaring innen veg- og anleggsfaget er nødvendig.   
  • Søkjar må beherske norsk både skriftleg og munnleg           

Personlege eigenskapar:

  • God kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg.
  • Strukturert, engasjert, sjølvstendig, samarbeidsdyktig, løysingsorientert.
  • Gode EDB-kunnskapar.   
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig                                                                                        

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Fleksitidsordning
  • Konkurransedyktig løn etter kvalifikasjonar
  • God pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon:
Oddvar Kongsvik, verksemdsleiar, tlf. 911 56 417.

Søknadsfrist: 01.03.2021

Søk på stillinga!