Kommunepsykolog til Herøy kommune

  • by
Foto: Øyvind Kåre Sunde

Herøy kommune har to stillingar for kommunepsykolog. Denne som no er utlyst, har hovudansvar for barn og unge opp til 23 år. Den andre har hovudansvar for vaksne.

Stillinga har stått vakant sidan sommaren 2020, men kommunestyret har vedtatt å vidareføre stillinga. Det er også vedtatt ei varig løyving på 1 mill pr. år til psykisk helse og rus med særleg fokus på førebyggjande arbeid.

Stillinga er organisert i seksjon psykisk helse og rus, og har eit tett samarbeid med andre tenester for barn og unge. Psykologen skal både åleine, og saman med desse tenestene arbeide mellom anna opp mot skular og barnehagar.

PPT, barnevern, helsestasjon og seksjon psykisk helse og rus er samlokaliserte.

Arbeidsoppgåver
  • Helsefremjande og forebyggande arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper i kommunen
  • Deltaking i system-, planarbeid og fagutvikling
  • Klinisk arbeid, kartlegging og behovsavklaring.
  • Rask psykisk helsehjelp.
Kvalifikasjonar
  • Offentlig godkjenning/autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
  • Engasjement for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
  • Relevant kompetanse og/eller erfaring med tidleg intervensjon, forebyggjing og helsefremjande arbeid knytt til psykisk helse og rus
  • Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon

Du må ha sertifikat klasse B og kunne disponere eigen bil

Herøy kommune har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar
  • Vi ynskjer ein person som er « trygg nok i eigne sko” til å utgjere ein forskjell på born og unge sine arenaer i Herøy kommune.
  • Gode samarbeidsevner
  • Du må like å jobbe med barn og unge og dei som er rundt desse
  • Du må like å jobbe i team
Vi tilbyr
  • Spennande stilling der du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle det førebyggande arbeidet og tenestetilbodet til målgruppa
  • Kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø
  • Rettleiing og tett samarbeid med eksisterande kommunepsykolog
  • Stor grad av autonomi med omsyn til arbeidsoppgaver
  • Deltaking i nettverkssamlingar og andre aktivitetar i regi av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid ( NAPHA )
  • Tilrettelegging for spesialisering for psykolog som har behov for dette
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar

Lønn etter avtale og gjeldande regelverk

Søkjarliste kan verte offentleggjort.

Tilsetjing etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon

Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Ivar Ørstavik, Kommunepsykolog, 91636698, ivar.Orstavik@heroy.kommune.no

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 25.04.2021

Foto: Gard Warholm