Juridisk rådgjevar – Sogndal kommune

  • by

Er du rasande dyktig på kommunal forvaltning og kommunelova? Då er det kanskje deg me er på jakt etter!

I avdeling Personal- og organisasjonsutvikling er det ledig 100% stilling som juridisk rådgjevar. Avdelinga har ansvar for saker knytt til IKT, løn, kommunikasjon og personal. Avdelinga har og vil få ei aktiv rolle i utvikling av kommunen.

Som juridisk rådgjevar vil arbeidsoppgåvene vera rådgjeving og rettleiing av avdelinga si saksbehandling, sjølvstendig saksbehandling i enkeltsaker, samt å gje leiarstøtte til rådmannen og kommunen sine leiarar. Rådgjevaren vil både jobbe internt med saker i avdelinga, men også i stor grad på tvers av dei ulike sektorane.

Ein ser føre seg at stillinga vil ha fleire sakshandsamings -og rådgjevingsfunksjonar innan felta personalfelt, innkjøpsfelt, konsultasjon knytt til faglege problemstillingar i samband med generell kommunal tenesteproduksjon, innbyggjarklager med vidare.

Kvalifikasjonar:

· Jurist/master i rettsvitskap.

I tillegg ønskjer me at du har:
· erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk i kommunal sektor.
· erfaring med prosess og saksframstilling for politiske utval eller styrande organ.
· gode IKT-kunnskapar.
· god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
· god relasjonskompetanse i tillegg til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
· god kjennskap til avtaleverket i KS-området.

Eigenskapar:

· Evne til å arbeide både strategisk og operativt.
· Nøyaktig og strukturert, med høg integritet.
· Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde.
· Deler av eigne, og er open for andre sine, tankar, idear og innspel.
· Positiv, proaktiv og engasjert.

Me tilbyr:

· Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar.
· Gode velferdsordningar.
· Fleksible arbeidstidsordningar.
· Løn etter avtale.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktperson:
Helle Selseng mob: 481 00 471

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

Søknadsfrist: 09.05.2021

Bilder fra Sogndal kommune:

Leikanger
Sogndal