Sjukepleiar – 100% årsvikariat, Bygland kommune

  • by

Det er ledig 100% vikariat til og med 21.08.2022, og vi søkjer etter ein sjukepleiar som kan bidra til å styrke våre team av kunnskapsrike og dyktige tilsette.

Ønskjeleg med snarleg tiltreding. Studentar som er ferdig utdanna våren 2021 oppmodast til å søkje.

Stillinga har 3-delt turnusvilkår med arbeid kvar 3.helg (p.d.d. utgjer dette for sjukepleiarar i full stilling 4 netter på 6 vekers turnus).

Vi tilbyr god løn (per d.d. 506 400 kr i året pluss tillegg). Tilsvarande løn som ved full ansiennitet.

Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiarfagleg ansvar
  • Sjukepleiarfagleg ansvar på avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades.
  • Inneha funksjon som skiftleiar på skift, primærsjukepleiar for brukarar.
  • Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
  • Bidra med kompetansehevande kollegavegleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det.
  • Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, leger, sjukehus og andre.
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Tilfredsstillande norsk-kunnskapar
  • Gyldig politiattest må kunne leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner – er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
  • Opptre sjølvstendig og er initiativrik – er fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
  • Er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
  • God kjennskap til bruk av IKT.
  • God til å formidle både skriftleg og munnleg.
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
  • Løn jamfør sentral tariffavtale og rekrutteringstilskot som gir ei samla løn tilsvarande full ansiennitet
    (per d.d. 506 400 i året pluss tillegg)
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
  • Bygland kommune har eigen bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
  • Medlemskap i KLP.
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon

Camilla Verdal, Konstituert tenesteleiar Pleie- og omsorg

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Referansenr.:4386055328
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 21.06.2021
Sluttdato: 21.08.2022

Søknadsfrist: 30.05.2021

Bygland kommune