Tenesteleiar for teknisk drift – Øystre Slidre kommune

  • by

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Øystre Slidre kommune søkjer etter tenesteleiar for teknisk drift. 

Arbeidsoppgåver

Teknisk drift har ansvar for planlegging, utbygging og drift av kommunale bygg,  vatn- og avløpsanlegg, vegar og friområde, stiar- og løyper m.v. Vi har for tida mange utbyggingsprosjekt særleg innan vatn og avløp, og forvaltning og drift av den kommunale bygningsmassen er eit viktig ansvarsområde for tenesteeininga.

Kvalifikasjonar

– relevant og høgare utdanning
– praksis frå eller kjennskap til områda byggforvaltning eller vatn og avløp
– god evne til å planlegge og gjennomføre utbyggingsprosjekt
– god evne til å nå mål og oppnår resultat

Personlege eigenskapar

– gode samarbeidsevne
– god sørvisinnstilling overfor heil- og deltidsinnbyggane
– kjennskap til lov om offentlege innkjøp
– god skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

– ei spanande og utfordrande stilling i ein kommune i stor utvikling
– godt arbeidsmiljø
– positive og flinke medarbeidarar
– konkurransedyktig lønn
– gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontakt:
Jostein Aanestad Rådmann 99165935

Søknadsfrist: 27.05.2021

Søk her!