Geomatikkingeniør til Hareid kommune

  • by

Hareid kommune har ledig ei 100 % fast stilling i eining for plan, byggesak og geodata.
Vi søkjer etter deg som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serveiceinnstilling og som tek initiativ. Administrasjonsspråket i Hareid kommune er nynorsk, og du må kommunisere godt både munnleg og skriftleg.
Ansvarsområde for stillinga er hovudsakleg GIS, geodata og landmåling.

Arbeidsoppgåver
  • Oppdatering og vedlikehald av kartbasar
  • Drift av GIS-systemet (kommunen nyttar Norkart GISLINE)
  • Adressering og matrikkelføring
  • Gjennomføring av oppmålingsforretningar
  • Sakshandsaming etter matrikkellova
  • Analyse, planarbeid, landmåling og innmåling, SQL
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innanfor geomatikk (GIS/landmåling) på høgskule eller universitetsnivå
  • Kompentanse/erfaring knytt til forvaltningsoppgåver innan plan, byggesak og geodata
  • Erfaring med programvare innan GIS
  • Det er ønskjeleg at søkjarane kan oppfylle krava for tildeling av landmålarbrev
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Interesse og kunnskap til å utføre praktisk oppmålingsarbeid
  • Kunnskap og erfaring med relevant lovverk
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Må minimum ha førarkort klasse B
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Relevante kurs
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon

Silja Kaldvansvik Øvrelid, leiar, plan og utviklingsavdeling, 984 19 650

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 13.06.2021