HR-konsulent – Samnanger kommune

  • by

Vil du vera med å utvikle og auka kompetansen på HR-området i Samnanger kommune? Som ein del av HR-avdelinga i kommunen vil du få jobbe med mellom anna lønn, kompetanseheving og leiarstøtte, og ha ei viktig rolle innan utvikling- og HMS-arbeid for heile kommunen. 

Som HR-konsulent skal du arbeida for best mogleg kvalitet i kommunen sitt HR-arbeid og vera god støtte til både leiarar og tilsette i kommunen.
Du er med på å styrke leiarane våre i deira rolle, og bidra til at tilsette opplever Samnanger kommunen som ein god arbeidsgjevar.

Stillinga som HR-konsulent er 100 % fast og er ein av tre stillingar ved HR-avdelinga.
Arbeidsoppgåvene er både innan drift og forvaltning. 

 Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av tilsettingar i kommunen
  • Arbeid knytt til pensjon, pensjonsøknadar og rapporteringar – kontaktperson
  • Ivareta prosessar knytt til IA-arbeid, avvik, arbeidsmiljø og HMS-arbeid – koordinator
  • Arbeid knytt til forebygging av sjukefråvær og oppfølging av langtidssjukemeldte – kontaktperson mot NAV
  • Diverse sakshandsaming og rapportering innan HR- og lønnsområdet
  • Utarbeida ulike rutiner og prosedyrar innan HR-området
  • Rådgjeving for leiarar innan HR- og lønnsområdet
  • Kompetanseutvikling
  • Bistå i lønnskøyring (kommunen og soknerådet)

Kvalifikasjonar:

Krav:

  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
    Lågare og relevant utdanning eller lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande høgare utdanning
  • Erfaring frå HR/personal- og lønnsarbeid i kommunal sektor
  • God kunnskap om lønn- og personalområdet i kommunal sektor (lov- og regelverk m.m)

Ønskeleg:

  • Erfaring frå arbeid innan arbeidsmiljø og HMS
  • God kompetanse på IT og system
  • Kjennskap til ulike Visma system tel positivt


Personlege eigenskapar:

  • God relasjonskompetanse, kommunikasjonsevner og samarbeidseigenskapar
  • Evne til å gjennomføre, arbeida systematisk, målretta og sjølvstendig
  • Høg arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  • Effektiv og nøyaktig i gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk
  • Å vera personleg eigna for stillinga har avgjerande betydning


Me tilbyr:

  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Kontaktperson: Anette Følid mob: +47 969 41 466

Søknadsfrist: 06.06.2021

Send søknad

Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

Samnanger kommune