100% stilling som barnevernskonsulent – årsvikariat

  • by

Vang og Vestre Slidre barnevern er no i gang med å førebu seg på ny reform frå 2022 og skal i samband med den styrke tenesta. Vi søkar etter barnevernkonsulent, i eit års 100% vikariat med moglegheit for forlenging. Oppstart så raskt som mogleg.

Har du lyst til å væra med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita å søke no!

Opplysninger om arbeidsstaden og stillinga:
Vang og Vestre Slidre barnevern er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 5,7 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under helse og omsorg. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddersydde tiltak for barn, unge og familier der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som trer i kraft frå 01.01.2022. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming.Det leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenestar.
Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytte til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern.

Arbeidsoppgåver
  • Undersøking og oppfuljing av hjelpe- og omsorgstiltak
  • Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstanser
  • Deltakelse i akuttarbeid i barneverntenesta
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
  • 3-årig relevant utdanning på høyskole-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barneverntjeneste.Førerkort klasse B (Krav)
Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som:

  • har god relasjonskompetanse
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktører
  • er fleksibel og har høg arbeidskapasitet
  • har eit faglig engasjement
  • er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
  • vil bidra til gode tverrfaglige løysingar
  • har ei grunnleggande positiv innstilling
Vi tilbyr
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
    gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon

Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og Omsorg

Søk på stillinga:Klikk her

Referansenr.:4397720918
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.06.2021