50% engasjement som rådgjevar – Oppvekst- og kultur

  • by

Tenestområde Oppvekst- og kultur har ledig 50% engasjement som rådgjevar

Tenesteområdet Oppvekst og kultur har ledig inntil 50 % engasjement som rådgjevar i perioda 01.08.21 t.o.m. 31.07.22

Tenesteområdet Oppvekst og kultur omfattar to barnehagar , Vestre Slidre skule, Kulturskule, Brennabu leirskule, Vestre Slidre kulturhus, Inkludering- og frivilligsentralen – inkludert Grendakafeen , Plassen aktivitetssenter og utstyrssentralen BUA, Folke,- skule – og fengselsbibliotek, Barne – og ungdomsarbeid – inkludert ungdomsklubben Løfte.

Stillinga kan sjåast i samanheng med andre deltidsstillingar som for tida er utlyst.

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar for oppvekst og kultur vil du ha medansvar for

  • oppfølging og vidareutvikling av barnehagane, skulen, kultur — og fritidstilbodet i kommunen
  • saksbehandling innafor fagfelta
  • støttefunksjon for avdelingane
  • daglege administrative oppgåver
Kvalifikasjonar

Vi søker ein intiativrik, sjølvstendig og strukturert rådgjevar

  • med pedagogisk utdanning
  • som har relevant praksis innenfor fagfelta barnehage/ skule/ kultur
  • som er godt kjent med kommunal forvaltning, og med lovar og reglar inna området.
  • som har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og gode praktiske ferdigheiter i bruk av ulike datasystem
  • erfaring frå prosjektarbeid og tverrfaglig samarbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • har god gjennomføringsevne og opptrer på ein positiv og tydeleg måte
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilt, har evne til både å jobbe i team og å kunne jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
    gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon

Gunhild Røyne, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 95149595

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune

Referansenr.:4394634865
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 13.06.2021