50 % fast stilling som kulturkonsulent – Oppvekst- og kultur

  • by

Tenesteområde Oppvekst- og kultur har ledig 50 % fast stilling som kulturkonsulent

Tenesteområdet Oppvekst og kultur omfattar to barnehagar , Vestre Slidre skule, Kulturskule, Brennabu leirskule, Vestre Slidre kulturhus, Inkludering- og frivilligsentralen – inkludert Grendakafeen , Plassen aktivitetssenter og utstyrssentralen BUA, Folke,- skule – og fengselsbibliotek, Barne – og ungdomsarbeid – inkludert ungdomsklubben Løftet.

Stillinga kan sjåast i samanheng med andre deltidsstillingar som for tida er utlyst.

Arbeidsoppgåver

Som kulturkonsulent vil du

  • bidra inn i konsertar, forestillingar og andre arrangement
  • ha medansvar for møteplassane Grendakafeen og Plassen aktivitetssenter
  • ansvar for administrasjon og drift av BUA
  • ansvar for saksbehandling av prosjekt — og tilskuddordningar, inkl. spelemiddelsøknadar
  • medansvar for oppfølging av Kulturminneplan
  • daglege administrative oppgåver
  • det må påreknast ein del kvelds- og helgearbeid
Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har

  • formell utdanning innan kulturområdet
  • relevant praksis vil bli tillagt stor vekt
  • har god formidlingsevne og brei kulturfagleg forståing
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og gode praktiske ferdigheiter i bruk av ulike datasystem
Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er

  • kreativ, løsningsorientert og har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • utviklingsorientert og nyskapande
  • serviceinnstilt, og har evne til både å jobbe i team og å kunne jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
    gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon

Gunhild Røyne, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 95149595

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune

Referansenr.:4394642334
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 13.06.2021