Barnevernsleiar for Vang og Vestre Slidre barnevernteneste

  • by

Ledig 100% fast stilling som barnevernsleiar for Vang og Vestre Slidre barnevernsteneste

Det er frå 01.08.21 ledig 100% fast stilling som barnevernsleiar for Vang og Vestre Slidre barnevernteneste.
Er du den rette til å leie utviklinga av vår interkommunale barnevernteneste vidare?

Vang og Vestre Slidre barnevern er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 5,7 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under sektor for helse og omsorg.

Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det blir lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenestar.
Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytte til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern.
Som leiar for barneverntenesta er du øvste faglige myndigheit i henhold til Lov om barneverntenestar og har vedtaksfullmaktane. Du og fagansvarleg sakhandsamar vil utgjera leiarteamet i tenesta. Næraste overordna er kommunalsjef for helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver
  • Ivareta økonomi-, personal- og fagansvar
  • Saman med tenesta sørge for at det produserast effektive tenester av høg fagleg kvalitet og sjå til at barneverntenesta til einkvar tid har eit forsvarleg barnevern
  • Legge til rette for at tenestas sine tilsette utviklar sin kompetanse, og bidreg med rettleiing og oppfuljing
  • Sikre god framdrift i sakshandsaming, herunder tiltaksplanar og evaluering, samt syte for at fristar overholdast.
  • Syte for at tenesta etablerar og utviklar gode relasjonar både til interne og eksterne instanser
  • Initiera eit aktivt samarbeid med andre tenester, retta mot barn og familier i kommunene, for å få til eit godt førebyggande tilbod.
  • Bidra til et godt samarbeid med barn, foreldre og andre samarbeidspartar, ved å leggje til rette for god kommunikasjon, tryggheit og tillit som grunnlag for progresjon og endring. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddersydde tiltak for barn, unge og familiar der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som trer i kraft fra 01.01.2022.
Kvalifikasjonar
  • 3-årig relevant utdanning på høyskole-eller universitetsnivå som barnevernspedagog eller sosionom
  • Relevant videreutdanning, fortrinnsvis med utdanning på masternivå er ynskjeleg
  • Breid og variert erfaring frå arbeid i ulike deler av barnevernet
  • Leiarerfaring vil bli vektlagtFørerkort klasse B (Krav)
Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som har:

  • god økonomisk innsikt
  • gode samarbeidsevner
  • som er strukturert, og har evne til å beslutte og gjennomføre
  • som kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • god sosial kompetanse
  • er utviklingsorientert
  • evne til å opptre samlende og motiverende
  • god relasjonskompetanse
  • faglig engasjement
Vi tilbyr
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
    gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon

Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og Omsorg, 99539117

Søk på stillinga:Klikk her

Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.08.2021
Søknadsfrist: 15.06.2021