Personell til massevaksinasjon mot korona – Samnanger kommune

  • by

Stillingsinformasjon:
Vi søker etter personell som kan inngå i team som gjennomfører massevaksinering mot korona av innbyggjarar i Samnanger kommune i sommar samt å delta i arbeid med testing og smittesporing. Det er behov for både helsepersonell. Det må påreknast arbeid både på dagtid og kveld på kvardagar.

Om massevaksineringa
Massevaksinasjon mot korona for innbyggjarane i Samnanger kommune foregår i Storståva på Samnangerheimen. Vaksineringa vert gjennomført på kvardagar, dagtid og kveld. Dagar og tidspunkt for vaksinering er styrt av vaksineleveransane til kommunen.

Kvalifikasjonskrav:

Til registrering og dokumentasjon i Helseboka, søker vi etter personell over 18 år.

Til opptrekk/utblanding og vaksinering, og testing søkjer vi etter offentleg godkjend sjukepleiar eller personell med anna relevant helsefagleg utdanning inkludert sjukepleiarstudentar medisinstudentar og bioingeniørar.

Arbeidsoppgåver:

Det er behov for personell til å bemanne vaksinasjonslokalet:

  • Registrering av innbyggjarar ved ankomst og etter vaksinering, vi nyttar systemet Helseboka.
  • Utblanding og opptrekk av vaksiner
  • Vaksinasjon

Om testing og smittesporing

Testing og smittesporing foregår på Helsetunet i Samnanger For det meste arbeid på kvardagar dagtid. Koronasenteret er bemanna med fast personell, det er i utgangspunktet behov for personell med helsefagleg bakgrunn/studentar innan helsefag.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgivning på telefon
  • Testing
  • Smittesporing

Vilkår
Tilsett som vikar med mellombels tilsetjing i tidsrommet 1/6 2021 – 31/8 2021. Det kan bli aktuelt å avtale vakter i turnus som gjev ei stillingstorleik som t.d. dekker periodar med behov for auka bemanning.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring
  • Utfordrande og gjevande arbeid i eit godt fagmiljø
  • God pensjonsordning

Søknadsfrist : SNARAST RÅD – vi tek fortløpande kontakt med aktuelle søkarar.

Link til søknadsskjema: Send søknad 

For mer informasjon kontakt: Kari Anne Tolås Boge, Tlf: +47 56589105, Mobil +47 48893212, Epost: kari.anne.tolas.boge@samnanger.kommune.no