Sjukepleiar 80.28% fast stilling på natt ved Nesbukti pleie –og omsorgssenter

  • by

ID 374 – Sjukepleiar 80.28% fast stilling på natt ved Nesbukti pleie –og omsorgssenter

Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 3 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.

Vi har ledig følgande:

80,28% fast stilling som sjukepleiar på natt. Tilsetjing frå 01.09.2021. Nattsjukepleiar vert tilbydt eit tillegg på 50 000,- i 100% stilling.

Kvalifikasjonar:

  • Formell utdanning og norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.

Eigenskapar:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Gode samarbeidsevner og likar å jobbe med og for menneske
  • Fleksibel og god arbeidskapasitet
  • Positiv, løysingsorientert og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, i samspel med andre
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resultat
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar

Me tilbyr:

  • Løn etter Hovudtariffavtale
  • God og strukturert opplæring
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Turnus med arbeid kvar tredje helg
  • IA – bedrift

Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse. 
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

For meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332  e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via  elektronisk søknadsskjema. Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.      

Søknadsfrist 27.06.2021

Seljord sett ovanfrå