Kommunalsjef , Kultur- og samfunnsutvikling – Suldal kommune

  • by

Er du ein strategisk og samlande leiar som vil bidra til gode tenester og strategisk samfunnsutvikling i Suldal kommune? Då må du søka!

Suldal kommune søkjer etter kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling. Den nye kommunalsjefen får eit heilskapleg leiaransvar, (fag-, økonomi-, personal- og utviklingsansvar) for sitt område. Området er delt i tre einingar; Kultur, Bygdeutvikling og Teknisk drift.

I møte med store forventningar og krav til kommunen som samfunnsutviklingsaktør trengs god plan- og samfunnsfagleg interesse og eit tydeleg strategisk utviklingsfokus.

Hovudoppgåva for tenesteområdet Kultur- og samfunnsutvikling er å bidra til gode kulturopplevingar for innbyggjarar og besøkande, tilrettelegge for buområde, næringsutvikling og syte for vedlikehald av kommunale bygg/anlegg. Bygging av relasjonar og nettverk i samarbeidsregionane er også viktig.

Kommunalsjefen for Kultur- og samfunnsutvikling vil vere ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe saman med kommunalsjefane for oppvekst, helse og velferd samt økonomi og organisasjon.

I Skattkammeret Suldal dreg vi i lag. Vi samarbeidar og skapar verdiar på tvers av grenser til beste for innbyggjarar, lokalsamfunn og frivillige.

Vi ønskjer å rekruttere deg som får det beste ut av medarbeidarane dine og er utviklings- og løysingsorientert. Det vert særleg lagt vekt på gode leiareigenskapar, relasjonskompetanse og evne til å delegere ansvar og mynde.

Arbeidsoppgåver:
  • Leiing og utvikling av tenesteområdet
  • Medverke til samarbeid og samskaping på tvers av fagområde
  • Medverke til at vi arbeider på nye og smartare måtar til beste for innbyggjarane
  • Representere kommunedirektøren i politiske utval
  • Utgreiingar, ansvar for kommuneplanarbeidet
  • Etablere og følgje opp rutinar og system som sikrar god verksemdstyring og internkontroll
Kvalifikasjonar:
  • Relevant, høgare utdanning, gjerne på masternivå
  • Leiarerfaring og god rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Innsikt i offentleg forvaltning og erfaring med å arbeide opp mot politisk system
  • Evne og vilje til å halde deg oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
  • Erfaring frå utgreiing/ prosjektarbeid
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • Ferdigheiter og interesse for digitale verktøy
  • Forståing for kulturen si rolle i samfunnet
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Har strategisk og analytisk evne
  • Kan motivere og gje retning
  • Ser etter handlingsrommet
  • Delegerer og gjer medarbeidarane kompetente
  • Kan skape lagånd og godt samarbeid
  • Har interesse for å utvikle digitale tenester
Vi tilbyr
  • Ei spennande leiarstilling i eit skattkammer av ein kommune!
  • God pensjons- og forsikringsordning

Suldal kommune nyttar nynorsk som målform.

Søknadsfrist: 08.08.2021

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommunedirektør i Suldal kommune,
Karin Dokken Austvik, Mobil +47 957 26 114, Epost: karin.dokken.austvik@suldal.kommune.no

Link til søknadsskjema: Send søknad 

© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde