Byggesaksbehandlar – Vestre Slidre kommune

  • by

Byggesaksbehandlar – 100 % fast stilling

Vestre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som byggesaksbehandlar ved landbruk, næring og teknisk etat (LNT), avdeling forvaltning. Stillinga er ledig frå hausten 2021, med tiltredelse etter avtale

Arbeidsoppgåver

Arbeidsområdet vil i hovudsak vera byggesaksbehandling og saksbehandling etter plan- og bygningslov, føring av bygg i matrikkelen og behandling av søknad om spreidde avløp. Stillinga kan og bli tillagt andre oppgåver.

Kvalifikasjonar
  • Søkar bør ha relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå.
  • Erfaring frå tilsvarande stilling er ein fordel.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning vil også bli vurdert.

Ved tilsetjing vil vi legge vekt på:

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • framoverlent på å ta i bruk digitale verktøy og utnytte potensialet i saksbehandlingssystemet
  • gode samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • personlig eignaheit
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil mot skyssgodtgjersle etter regulativ.
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon

Terje Karlsen, Avdelingsleiar, 97582329, Terje.Karlsen@vestre-slidre.kommune.no

Søk på stillinga:Klikk her

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.08.2021