Økonomikonsulent, 100% fast, 2. gongsutlysing – Etne kommune

  • by

Etne kommune har ledig 100 % fast stilling ved økonomiavdelinga som konsulent innan Økonomi/Rekneskap/Fakturering.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg bilagshandsaming, avstemmingar, kontrollar, remittering o.a.
  • Kontering og attestering av leverandørfaktura, fakturahandsaming
  • Periodiske oppgjer og rapporteringar innan MVA, skattetrekk/arbeidsgjevaravgift
  • Fakturering og handsaming av avtalar
  • Delta aktivt i årsavslutning
  • Oppdatering av teknisk og praktisk materiell, handsama og administrera datautstyr og programvare som vedkjem økonomi

Kompetanse

  • Krav til høgare økonomisk utdanning, minimum bachelor
  • God rekneskaps- og økonomiforståing
  • Erfaring frå operativ rekneskapsføring eller fakturering
  • Gode datakunnskapar og systemforståing innan Excel, Word o.l.
  • God IT-kompetanse innan rekneskapssystem. Kjennskap til Visma Enterprise vil vera ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som:

  • Kan bidra til nytenking og er pådrivar til utviklingsarbeid, samt er løysingsorientert
  • Er analytisk, nøyaktig og har evne til å jobba systematisk
  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
  • Har stor arbeidskapasitet og som likar høgt tempo, då det til tider kan vera svært hektisk
  • Er utettervendt og positiv
  • Er ansvarsmedviten, sjølvstendig og påliteleg
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er fleksibel på arbeidsoppgåvene

    Link til søknadsskjema: Send søknad 

    Søknadsfrist: 12.09.2021

    For mer informasjon kontakt: Filippo Ballarin, Tlf: +47 53758040, Mobil +47 95174206, Epost: filippo.ballarin@etne.kommune.no