Ingeniør – Byggesak og Oppmåling, Ørsta kommune

  • by

Vi har 2 ledige stillingar som ingeniør ved eining for byggesak og oppmåling frå 1.12.2021.
Fast 100% stilling frå 01.12.21.
Vikariat i 100% stilling i perioden 01.12.21-30.11.22.

Eininga for byggesak og oppmåling har i dag 6 tilsette og har m.a. ansvar for kart, oppmåling, handsaming av byggesøknadar, tilsyn, rettleiing m.m.

Arbeidsoppgåver
  • Handsaming av byggesøknader
  • Tilsyn med byggearbeid
  • Matrikkelføring
  • Handsaming av utsleppsløyve og tilsyn med mindre avløpsanlegg
  • Rettleiing og kontakt med innbyggarane og føretak
  • Andre arbeidsoppgåver ved eininga kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • 3-årig utdanning på høgskulenivå innan fagområdet. Relevant praksis kan erstatte formell kompetanse
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, målforma er nynorsk
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunnskap om data, kart og kartprogram
  • Fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og organisering
Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei bedre og meir effektiv teneste
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i kap. 5, stillingskode 8084 – ingeniør – Løn etter avtale

Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov- og avtaleverk
Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju

Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Bjørn Ole Vassbotn, Einingsleiar byggesak og oppmåling, 46901330, bjorn.ole.vassbotn@orsta.kommune.no

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 01.10.2021

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.