Sjukepleiar, 2 gongs utlysing – Knutsaåsen omsorgssenter

  • by

Me har ledig stilling i 100 % i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå snarast. På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen

Har du lyst å jobba på Knutsaåsen omsorgssenter som sjukepleiar i 100% fast stilling?

Kvalifikasjonskrav:

  • Vi ynskjer oss ein sjukepleiar som har relevant arbeidserfaring.
  • Det vil verte lagt vekt på evne til samarbeid, og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega.
  • Me ynskjer ein kollega som er løysingsorientert, med god arbeidskapasitet og arbeidsglede, som likar utfordringar.
  • Ein må kunne jobbe sjølvstendig og i team.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Avdelingssjukepleiar Lidveig Stubhaug, tlf 53 45 43 06 / 53 45 43 34 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.

Søknadsfrist 24.10.21

Søk på stillinga

sjukepleiar - dame står ved eldre dame i rullestol. foto
Foto: Kristin Steinsland