Avdelingsleiar, Miljøarbeidstenesta – Etne kommune

  • by

Avdelingsleiar, 100% fast – Miljøarbeidstenesta, Etne kommune

Er du den me leitar etter? Vår avd leiar gjennom ti år, skal over i ny stilling og me treng ein ny leiar som kan vidareutvikle det gode arbeidet.  Har du lyst og kompetanse til å leie? Då håpar me at du vil søkje stilling hos oss.

Miljøarbeidstenesta er ein avdeling under eining helse med ca. 22 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog og sjukepleiar og  fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene og fagleg og personleg utvikling. Som avdelingsleiar vil du samarbeide tett med einigsleiar og fagansvarleg vernepleiar som arbeidar i 100% stilling. Avdelingsleiar rapporterar til einingsleiar.

Avdelinga er lokalisert i Etne sentrum og yt helse- og omsorgstenester til heimebuande innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. I tillegg har tenesta ansvar for to avlastningsbustader for barn.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for den daglege drifta
  • Fagleg ansvar for tenestetilbodet
  • Oppfølging av budsjett og aktuelle vedtak
  • Personalansvar
  • Administrative oppgåver
  • HMS ansvar
  • Kontakt og samarbeid med pårørande
  • Rapportera til einingsleiar helse

Kvalifikasjonar:

Det er eit krav om:

  • Autorisert vernepleiar/ anna helsefagleg høgskule utdanning
  • Leiarerfaring og /eller utdanning innan leiing
  • Sertifikat for bil
  • Gode norskkunnskapar munntleg og skriftleg

Det er ønskeleg med:

  • Erfaring innan endringsleiing
  • Erfaring frå arbeid med kommunale omsorgstenester
  • God økonomiforståing
  • God kjennskap til dataverkty
  • Erfaring med turnus

Eigenskapar:

Me  søkjer fleksibel og serviceinnstilt medarbeidar. Det vert vektlagt at ein har god evne til å samarbeide, godt humør og arbeidslyst, og ein må kunne jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing. 

Vi tilbyr:

  • gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • høve for trening i arbeidstida

Kontaktpersonar:
Gurine Fosse tlf: +47 53758132 mob: +47 90545595
Hilde Selland Winterthun tlf: +47 53758121 mob: +47 47286539

Søknadsfrist: 22.11.2021

Send søknad

Annan informasjon

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
 
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking  før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.