Byggesakshandsamar – Hareid kommune

  • by

Hareid kommune har ledig ei 100 % fast stilling som byggesakshandsamar i eining for plan, byggesak og geodata. Vi ser etter ein medarbeidar som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ.

Ansvarsområde for stillinga er hovudsakleg handsaming av saker knytt til byggesaksdelen av plan- og bygningslova, ulovlegheitsoppfølging og tilsyn etter plan- og bygningslova samt handsaming av saker knytt til forureining.

Arbeidsoppgåver
  • Handsaming av byggesaker, dispensasjonar, klagesaker, frådelingssaker og andre relevante saker etter plan- og bygningslova
  • Ulovlegheitsoppfølging og tilsyn etter plan- og bygningslova
  • Føring i matrikkelen
  • Informasjon, rettleiing og service til kundar og brukarar innan fagområdet
  • Handsaming av forureiningssaker
  • Andre aktuelle oppgåver kan kome i tillegg
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå fagskule, høgskule eller universitet (byggteknisk utdanning, juridisk utdanning eller liknande)
  • Kjennskap til plan- og bygningslova
  • Kurs i matrikkelføring
  • Erfaring frå sakshandsaming og forvaltningsoppgåver
Personlege eigenskapar
  • God arbeidsevne
  • Godt humør
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
  • Eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollegar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Relevante kurs
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Faste stillingar har ei prøvetid på seks månader.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak
ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

Silja Kaldvansvik Øvrelid, leiar, plan og utviklingsavdeling, 984 19 650

Søk på stillinga:Klikk her

Referansenr.:4450227978
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2021