Geomatikkingeniør til Hareid kommune

  • by

Hareid kommune har ledig ei 100 % fast stilling som geomatikkingeniør/oppmålingsingeniør i eining for plan, byggesak og geodata. Vi søkjer etter deg som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. Ansvarsområde for stillinga er hovudsakleg GIS, geodata og landmåling.

Arbeidsoppgåver
  • Oppdatering og vedlikehald av kartbasar
  • Gjennomføring av oppmålingsforretningar
  • Drift av GIS-systemet (kommunen nyttar Norkart GISLINE)
  • Adressering og matrikkelføring
  • Sakshandsaming etter matrikkellova
  • Analyse, planarbeid, landmåling og innmåling, SQL
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innanfor geomatikk (GIS/landmåling) på høgskule eller universitetsnivå
  • Kompetanse/erfaring knytt til forvaltningsoppgåver innan plan, byggesak og geodata
  • Erfaring med programvare innan GIS
  • Det er ønskjeleg at du kan oppfylle krava for tildeling av landmålarbrev
Personlege eigenskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Interesse og kunnskap til å utføre praktisk oppmålingsarbeid
  • Kunnskap og erfaring med relevant lovverk
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Må minimum ha førarkort klasse B
Vi tilbyr
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Relevante kurs
  • Oppdatert utstyrspark (blant anna nyinnkjøpt totalstasjon)
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Faste stillingar har ei prøvetid på seks månader.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak
ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

Silja Øvrelid, leiar, plan og utviklingsavdeling, 984 19 650

Søk på stillinga:Klikk her

Referansenr.:4450225353
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2021