Byggeleiar for kommunale bygg – Vindafjord kommune

  • by

Byggeleiar for kommunale bygg

Byggeleiar/prosjektingeniør i 100% fast stilling ved kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune.
Arbeidsstad er Teknisk bygg i Sandeid.
Stillinga er ledig frå 01.01.22. Tiltreding snarast.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Byggeleiing på større og mindre kommunale byggeprosjekt/nybygg/ombygging/rehabilitering.
  • Prosjektere mindre prosjekt.
  • Følgje opp og ha kontakt med konsulent ved prosjektering av større prosjekt.
  • Utarbeide kalkyler.
  • Avklare brukarbehov og utarbeide og gjennomføre prosjekt i tett dialog med byggbrukar.
  • Utarbeide anbod og gjennomføre anbodskonkurransar i tråd med lov om offentlege anskaffingar.
  • Utarbeide t.d. kontrakt, YM-, SHA-, HMS-dokumentasjon og arbeidsvarslingsplanar.
  • Kontraktsoppfølging og økonomioppfølging av prosjekt.
  • Dokumentere utført arbeid.
  • Sikre god overføring frå prosjekt til drift.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som byggeleiar.
  • Teknisk fagskule eller relevant ingeniørutdanning, og helst fagbrev/praktisk erfaring frå byggningsarbeid.
  • God kjennskap til bruk av IT-system, me nyttar mellom anna Norkart-Gisline, Holteportalen, AutoCAD, Mercell, Famacweb, Websak og Visma.
  • Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort for personbil.

Andre opplysningar
Du blir del av eit fagmiljø med totalt tre byggingeniørar, driftsleiar bygg og åtte vaktmesterar.

Vindafjord kommune har drift og vedlikehald av om lag 63 000 m2 kommunale bygg. Kommunen har fleire store byggeprosjekt framfor seg, blant anna Vindafjordhallen og arbeid knytt til framtidig vedtak i barnehage- og skulebruksplan.

Personlege eigenskapar

  • God samarbeidsevne.
  • Resultatorientert, med evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Fleksibel.
  • Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kontaktperson:
Marit Øverland Ilstad Stillingstittel: Einingsleiar
Telefon: 416 99 045
E-post: marit.overland.ilstad@vindafjord.kommune.no

Søknadsfrist: 25.01.2020

Søknad sendes

Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.

Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.