Fastlege – Vestre Slidre kommune

  • by

Glad i fjell og friluftliv? Kom til Vestre Slidre!

Vestre Slidre kommune har ledig fastlegestilling med fastlønn frå 01.06.22 ved Slidre legesenter. 

Har du lyst til å bu nær fjellet, men samstundes ha kort veg til bynære strøk?
Vestre Slidre har flotte naturområder for fjellturar, sykling og ski og ligg nære Jotunheimens mange turmoglegheiter.  

Slidre legesenter er lokalisert på Slidretun som er eit 3-legesenter og har i tillegg LIS 1. Kontorlokala er lyse og venlege med utsikt over Jotunheimen. Vi nyttar CGM journalsystem, har eigen lab, skadestue med moderne utstyr, nytt GU-rom og er i ein unik økonomisk situasjon for å kjøpe inn medisinsk-teknisk utstyr som til dømes ultralyd.

Arbeidsoppgåver

 For tida er det 620 listepasientar, med muligheit for utviing. Kommunale oppgåver må
påreknast. Per i dag er dette tilsynslege ved institusjon 7,5  timer pr veke. Institusjon flyttar inn i nye lokalar i nytt helsetun frå medio 2023.
Til stillinga er det og eige vaktsett ved Valdres interkommunal legevakt  på Fagernes i 18-delt turnus.

Kvalifikasjonar
  • Fastlegen må vere ferdig spesialist eller under spesialisering i allmennmedisin. Det arbeides med å lage gode utdanningsløp for våre allmennlegar i spesialisering (ALIS).
  • LiS1 som gjennomfører praksis i kommunehelsetenesta oppfordrast til å søke, og vil kunne vurderast  til stillinga forutsett godkjent LiS1-teneste, norsk autorisasjon som lege. 
  • søker bør ha førarkort
  • godkjent politiattest er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
  • Interesse for allmennmedisinevne til å arbeide sjølvstendig
  • gode evner til samarbeid og samhandling med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande.
  • gode kommunikasjonsevner, herunder flytande norsk munnleg og skriftleg
  • gode datakunnskapar
  • Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskaper og fagleg kompetanse, og god evner til samarbeid og samhandling
Vi tilbyr
  • konkurransedyktige vilkår med fastlønn eller avtalepraksis, mogleg å drøfte legevakt som totalarbeidstid.
  • ved fastlønn er vi IA bedrift med godt tilrettelagde ordningar og gunstige pensjonsordningar
  • kommunen dekker utgifter til spesialtutdanning
  • kommunen vil sørge for veileder, og vi vil saman utarbeida og fylgja opp utdanningsplanen din 
  • moglegheit for heimekontor ein dag i veka
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
  • gode kollegaer med spesialisering  i allmennmedisin
  • dyktig hjelpepersonell som er tilsett i kommunen
  • fagleg variert og innhaldsrikt legearbeid i distrikts-Norge
  • hjelp til å skaffe bustad
  • hjelp til å skaffe barnehageplass

Vestre Slidre har tru på at mangfald på arbeidsplassen gjer oss betre saman,  vi vil derfor oppfordre kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, alder, kulturell bakgrunn, funksjonsnedsetting eller hol i CV-en.

Vestre Slidre er ein god stad og bu og leve, bli med på laget vårt!

Kontaktinformasjon

Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og Omsorg, 99539117
Siw Odden Fosheim , kommuneoverlege , 900 35 396

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune

Referansenr.:4499655036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2022

Søk her!