Fastlege – Ulstein kommune

  • by

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Frå 01.07.2022 har vi ledig heimel for fastlege.

Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar, der 9 av desse pr i dag er ferdige spesialister i allmennmedisin. I tillegg har vi LIS 1 lege. Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal nattlegevakt med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta. 

Arbeidsoppgåver
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
  • Listestorleik på  800. Denne kan utvidast og det er god pasienttilgang
  • Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin
  • Søkjarar som er under eller vil starte utdanning til spesialist i allmennmedisin er også velkomne til å søkje.
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort

Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5

Personlege eigenskapar

Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.

Ved tilsetting må du kunne legge fram ny politiattest. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr praksis ved eit stort legesenter med sterk fagleg kompetanse og godt kollegialt felleskap. Legesenteret er attraktivt og vi har godt renomme i området.

Vi kan tilby ALIS avtale etter ny ordning. Kommunen har godkjent utdanningsplan etter dei nye retningslinjene og vi har utdanna vegleiar. Vi tilbyr dekning av kurs som er nødvendige for utdanninga og praksiskompensasjon ved fråver i samband med utdanning. Vi tilbyr også ein økonomisk oppstartspakke etter avtale. For ferdige spesialister vil det også bli gitt ein startavtale i samband med kontorutgifter. Goodwill har kommunen vedtak om å finansiere, foreløpig for 3 år.

Listestorleik og ei evt kommunal stilling kan endrast etter avtale. Pr i dag er det ikkje tillagt kommunal deltidsstilling til denne heimelen 

Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.

Søknadsfrist: 15.05.2022

Søk her!