Flyktningekonsulent – Lesja kommune

  • by

Flyktningekonsulent, 100 % st frå snarast og i eitt år, men kan bli forlenga

Lesja kommune skal ta imot 15 ukrainske flyktningar. Nokre er kome og busett. Organisatorisk ligg tenesta under oppvekstsjef, men det er arbeid som berører alle tenestene i kommunen samt eksterne instansar. Stillinga er fysisk plassert på Lesja kommunehus.

Har du eit brennande engasjement for inkludering av flyktningar? Er du løysingsorientert med evner til å sjå eit menneske sine ressursar og moglegheiter? Da er du velkommen til å søke. Stillinga blir lyst ut for eitt år og kan bli forlenga.

Flyktningtenesta har ansvar for:
  • Busetting av flyktningar
  • Informasjon, råd og rettleiing til flyktningar i etableringsfasa
  • Drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarar i programmet
  • Koordinering av tenesta i samarbeid med andre
Arbeidsoppgåver:
  • Førebu og gjennomføre busetting av flyktningar
  • Tett oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting
  • Oppfølging av deltakarportefølgje
  • Utarbeide integreringsplan og koordinere introduksjonsprogrammet for den enkelte flyktning
  • Bidra til å kartlegge, gje råd og rettleiing i høve til arbeid og utdanning
  • Bidra til å sikre overgang til arbeid og utdanning etter avslutta program
  • Samarbeide med tenester i kommunen og friviljuge lag og organisasjonar for å sikre rask og god integrering
  • Gje informasjon og rettleiing som bidreg til at flyktningane vil klare seg sjølv i kvardagen
  • Saksbehandling i tråd med integreringsloven og sosialtenesteloven, inkludert arbeid med å dokumentere i oppfølging i aktuelle fagsystem
  • Søke tilskot og fylgje opp rapportering i samarbeid med andre som også har dette som arbeidsfelt
  • Sikre at tiltak og verkemiddel gjennom NAV er godt kjent og vert nytta

Endringar i arbeids- og ansvarsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar:
  • Treårig relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, gjerne innan samfunnsfag, sosialfag, pedagogikk, rådgjeving (særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere noko for utdanningskravet)
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med flyktningar og/eller personar i sårbare situasjonar
  • Kunnskap om det offentlege tenesteapparatet og tilbodet kommunen yter til innbyggarane
  • Erfaring frå motivasjons- og endringsarbeid
  • God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
  • Sosialfagleg og økonomisk forståing og fleirkulturell kompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Førarkort klasse B
Det er også ynskjeleg at du har:
  • Kunnskap om og/eller erfaring med offentleg forvalting
  • Erfaring innan arbeidsretta oppfølging av personar
  • Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram
  • Erfaring med å kommunisere via tolk
Personlege eigenskapar:
  • Har høg arbeidskapasitet og solid gjennomføringsevne
  • Er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • Er empatisk, samlande og inkluderande
  • Er god på lagspel og brubyggjar — syner fleksibilitet
  • Kan sette grenser i krevjande situasjonar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:
  • Oppgåva er styrande og arbeidstida vil vere ein kombinasjon av dagtid/ettermiddag/kveld. I hovedsak er det lagt opp til dagarbeidstid.
  • Løn etter avtale (avhengig av kvalifikasjonar)
  • Vi kan tilby spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø

Nærare info: Oppvekstsjef Anne-Lene Engum, tlf 990 25 212, eller personalsjef Liv Eva Gråsletten, tlf 909 52 160

Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 02.05.2022

Vær venleg å sende søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.

Den som blir tilsett, må legges fram begrensa politiattest (ikkje eldre enn 3 mnd).

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista (jf. Offl. § 25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla.

Evt. søknadspapir blir ikkje returnert.