Sjukepleiar/spesialsjukepleiar, evt helsefagarbeidar – Lesja kommune

  • by

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar, evt helsefagarbeidar, vikariat i 80 % st, heimesjukepleia, 04.07.22-28.02.23, kan bli forlenga til juni ’23

Kvalifikasjoner: 
– Norsk autorisasjon som sjukepleiar
– Ønskeleg med erfaring innan eldreomsorg
– Må beherske norsk skriftleg og muntleg
– Ønskeleg med erfaring og/eller vidareutdanning innan aktuelle fagområde.

Dersom vi ikkje får søkjar som har sjukepleiarutdannning, vil helsefagarbeidar med norsk autorisasjon bli tilsett i vikariatet.

Vi ønskjer søkjarar som har: Gode samarbeidsevner
Relevant erfaring frå liknande tenesteområde
God kunnskap om fagstystemet Profil vil bli vektlagt

Bil:
Heimesjukepleia disponerer kommunale leigebilar. Den som blir tilsett, må ha førarkort for personbil og må i somme tilfelle kunne disponere privatbil.

Nærare info: Teamleiar for heimebaserte tenester, Kristin Skotte, tlf 917 66 711

Søknad sender du til: Lesja kommune , innan 02.05.2022

Den som blir tilsett, må legge fram begrensa politiattest før oppstart i stillinga, jf Helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Ver vennleg å sende søknaden elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.

Ved evt. interne forflytninger, brukar vi same søkarmasse til å fylle stillingar som måtte bli ledige.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har oppfordra om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf. Offl § 25). Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla.

Evt. søknadspapir blir ikkje returnert.