Kommunalsjef Plan, teknisk, miljø- og samfunnsutvikling – Vestre Slidre kommune

  • by

Vestre Slidre kommune har ledig 100% nyoppretta stilling som Kommunalsjef for Plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling. Kommunalsjefen har ansvar for planarbeid, tekniske tenester m.a. kommunale bygg og vegar, vatn og avløp, byggesak, oppmåling, landbruk og anna næring.

Vestre Slidre  kommune er inne i ei tid med stor aktivitet innanfor området. Dette inkluderer mellom anna mykje planarbeid knytt til hytte og bustadbygging, store VA-prosjekter. Den store utbyggingsaktiviteten inneber òg høg aktivitet innan byggesak og oppmåling.
Kommunen er ein landbrukskommune og det er viktig for kommunen å legga til rette for og følgja godt opp landbruket. 


Kommunalsjefen vil vera ein del av leiargruppa til kommunedirektøren, som har fokus på heilskapleg, brukerorientert og koordinert utvikling av kommunen som tenesteleverandør. Kommunalsjefen er ansvarleg for tenester som er viktig for både heiltids- og deltidsinnbyggarar og nærlingsliv. Godt samspel med folkevalde, private aktørar og sentrale mynde er avgjerande for å levera gode og riktige tenester.

Kommunalsjefen sin ansvarsområde er breitt. Det opnar for kandidatar med ulik type fagbakgrunn.

2.gangs utlysning

Arbeidsoppgåver
  • Leiing med overordna ansvar for dagleg drift, økonomi og personal.
  • Samordne og utvikle virksomheiten.
  • Strategisk leiing, som ein del av kommunedirektørens leiargruppe. 
  • Sikre kontinuerleg betringsarbeid og kompetanseheving innanfor tenesteområdet, med fokus på mellom anna fag, lovverk, miljø og mottakarar av tenestene.
  • Sikre godt samspill mellom fagområda i innan området, strategisk leiing og politisk leiing. 
  • Delta i prosessar i fagmiljøene, og involvera og inkludera, for å sikra felles forståing, heilskap og gode tenester. 
  • Forberede til, setja i verk og gjennomføra politiske vedtak
Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg med :

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskulenivå
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg verksemd 
  • Vidare bør du ha kjennskap til kommunesektoren, og forståing for politiske beslutningsprosessar.
  • Erfaring med prosjektleiing er ein fordel.
Personlege eigenskapar
  • Vi søkar ein leiar som er: 
    – Inkluderande, tillitsbyggande og som har gode kommunikative evner, med evne til å skapa felles forståing og respekt i samhandling med ulike partar
    – Løysings- og resultatorientert, med høg gjennomføringsevne
    – God økonomiforståing og evne til å setja seg inn i fagleg kompliserte problemstillingar 
    – Overblikk og evne til å handtera både strategiske og operative utfordringar 
Vi tilbyr
  • Gode penjonsordningar
  • Eit arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Lønns og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldende lov, forskrifter og avtaler.
Kontaktinformasjon

Rolf Stalenget, 90898321

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Søknadsfrist: 05.06.2022

Søk stillingen her!