Rektor/einingsleiar til Åseral barne- og ungdomsskule

  • by

Vil du være med å videreutvikle oppvekstarenaene for barn og unge i Åseral kommune som rektor/einingsleiar Åseral barne- og ungdomsskule?

På Åseral barne- og ungdomsskule vil du som rektor leie ca. 110 elever og 30 tilsette, inkludert nyankomne minoritetsspråklege elevar. Elevmiljøet er godt og inkludarende. Vi håper at du òg er oppteken av å skape gode relasjoner og vil forsterke våre fellesskapsopplevingar mellom anna gjennom elevmedverknad.

 Åseral barne- og ungdomsskule har eit høgt utdanna og kompetent personale og eit godt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på samarbeid og profesjonsfellesskap. Som vår nye leiar må du vere oppteken av å få andre til å lukkas og å involvere dine engasjerte medarbeidare i målretta arbeid. Les meir om Åseral barne- og ungdomsskule her: https://www.xn--bus-tla.no/  

Skulen skal vere ein del av eit tverrfagleg samarbeid på sektorer, samtidig som vi skal ivareta fagspesifikke målområder konsentrert rundt langsiktig, systematisk og forskningsbasert arbeid. Kompetanseutvikling og læring for alle står sterkt. Vi søkjer deg som er ein tydeleg, endringskompetent og beslutningsdyktig leiar, og som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag.

Arbeidsoppgåver
  • Videreutvikle skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
  • Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
  • Bidreg til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
  • Driv systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
  • Leiar ei leiargruppe som mobiliserer dei tilsette sin kompetanse til beste for elevane si læring
  • Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
  • Sørgje for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar
Kvalifikasjoner
  • Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
  • Skuleleiarutdanning vil bli vektlagt, gjerne mastergradsnivå
  • Skuleleiarfaring er ønskjeleg
  • God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet
Personlege eigenskaper
  • Du er ein visjonær, utviklingsorientert og beslutningsdyktig leiar som evner å skape oppslutning om skulen sitt oppdrag
  • Du har ein leiarstil som er prega av gode samarbeidsevner, tydeleg kommunikasjon og involvering
  • Ditt arbeid er prega av målretta struktur
  • Du har god arbeidskapasitet, samtidig som du kan prioritere i ein hektisk kvardag
  • Du arbeider strategisk med utgangspunkt i gode analyser
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Fagleg og sosialt miljø
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppåver
  • Kommunene kan hjelpe til å finne bustad i kommunen.
    Åseral kommune har opna opp for fast busetjing på hyttene.
Kontaktinformasjon

Kenneth Hobbesland, Einingsleiar Åseral skule, 97128963
Ellen Ubostad Haaland, HR ansvarlig, 90045127

Søknadsfrist: 27.05.2022

Søk stillinga her!

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.