Skip to content

Stillingar i Helse- og omsorgsetaten – Tokke kommune

  • by

Helse- og omsorgsetaten søkjer no etter vernepleiar, sjukepleiarar og fagarbeidar.

Søknadsfrist: 10 juni 2022

100 % fast stilling som Vernepleiar for tida på Åheim bufellesskap

Kvalifikasjonar for stillinga:

Offentleg godkjent vernepleiar
Gode norskferdigheitar, snakke, forstå og skrive norsk
Serviceinnstilt og fleksibel
Evne til samarbeid og ha fokus på løysningar
Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg
Bidra til at eininga når sine målsettingar

Sertifikat klasse B

Andre opplysningar:

Stillinga inneber arbeid i turnus med 12 timars vakter og arbeid kvar 4. helg.

Me kan tilby ein triveleg arbeidsplass og mange spennande arbeidsoppgåver.

Trivelege kollegaer.

For nærmare opplysningar om stillinga: avdelingsleiar Åheim bufellesskap May Anette  Sollie tlf. 35075200.

___________________________________________________________

100 %   faste stillingar  som sjukepleiar for tida  på institusjon

100 % fast stilling som fagarbeidar på institusjon

Hos oss går ein i årsturnus der ein kan velje å gå langvakter 12 helger i året eller tradisjonelle vakter med 16 vakter per år. Årsturnus gjev meir fleksibilitet og gjer det lettare å tilpasse den enkelte sin livsfase. Ekstra helger i årsturnus blir kompensert.

Arbeidsoppgåver:

– Omsorg til menneske på institusjon
– Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
– Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
– Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
– Samarbeid med pårørande
– Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
– Fast tid for sjukepleiaroppgåver og fagutvikling på stillingane på institusjon

Kompetanse:

– Krav om autorisasjon som sjukepleiar/ fagarbeidar                                                                                                               
– Fordel med relevant vidareutdanning, men ingen krav
– Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nytter PROFIL som dokumentasjonsprogram)
– Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framadspråklege søkjarar.

Personlege eigenskapar:

– Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– Fokus på fagutvikling og refleksjon
– Fleksibel og endringsviljug
– Vise omsorg for andre
– Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
– Punktleg og strukturert
– Godt humør
– Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi tilbyr:

– God opplæring
– Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
– Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
– Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad

Tokke kommune har rekrutteringstillegg for Sjukepleiarar i institusjon som jobbar på dag/kveld-turnus,  med intill kr 36 000,- som kompensasjon i 100% stilling

Dette gjeld for fagarbeidar institusjon også:  rekrutteringstillegg i institusjon som jobbar på dag/kvelds-turnus, med inntil kr. 20 000,- som kompensasjon i 100% stilling.

For nærmare opplysningar om stillingane: avdelingsleiar institusjon Ragna Iren Grave, tlf. 35075200.

For alle stillingane gjeld:

Dersom du får tilbod om stillinga må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen kan vere til hjelp med å skaffe bustad

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfodring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her

Søknadsfrist: 10 juni 2022