Skip to content

Fagleiar psykisk helse og rus – Masfjorden kommune

  • by

Masfjorden kommune har ledig stilling for Fagleiar psykisk helse og rus frå desember 2022.

Psykisk helse og rustenesta i Masfjorden har 2 tilsette, og er ein del av Helseavdelinga med kontor i Fensfjordbygg på Hosteland. Her er ein samlokalisert i nye flotte lokale saman med heimetenesta, legekontor, helsestasjon, NAV og politi.  Tenesta er for tida organisert med arbeid på dagtid vekedagar.

Det er etablert samarbeid mellom kommunane i Nordhordland gjennom fagråd for psykisk helse og rus, og tenesta samarbeider og tett med spesialisthelsetenesta (DPS og BUP). Mange av desse tenestene er samla i Region Nordhordland sitt Helsehus i Knarvik.

Den som vert tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa, og ynskjer at aktivitet skal vere ein del av tilbodet. Dette gjer at oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som ved heimebesøk og samtalar på kontoret. 

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging/vurdering av brukarar
  • Individuell oppfølging
  • Delta i ansvarsgrupper og koordinere oppfølginga
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar

Ein må pårekne ein del kjøring i arbeidstida. For tida er det tenestebil tilknytt psykisk helse- og rustenesta.

Kvalifikasjonar:

  • Det er ynskjeleg at søkjar har 3-årig høgskuleutdanning innan helsefag eller sosialfag med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, rus- og avhengighetsproblematikk, SEPREP eller tilsvarande.
  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring med målgruppa
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå kurs/gruppeverksemd (KID, angstmeistring, stressmeistring m.m)
  • Du må kunne bruke digitale verktøy 
  • Førarkort klasse B
  • Krav til gode norskkunnskapar; både munnleg og skriftleg. For søkjar med anna morsmål enn norsk er kravet nivå B2.

Personlege eigenskapar:

  • Du er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Du er strukturert og sjølvstendig i arbeidet
  • Du er motivert for oppgåvene, og liker å bidra til vidareutvikling
  • Du har god evne til etisk refleksjon
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har brukarfokus, og tilstreber at brukarane får kontinuitet i oppfyljinga

Personlege eigenskaper er viktige for å lukkast i arbeidet, og vil vert tillagt vekt ved tilsetjing.

 Anna:

  • Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Gyldig politiattest må visast fram før tiltreding

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver. 
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Ledig barnehageplass i kommunen

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknadsfrist: 03.07.2022

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.